NRK Meny
Normal

Kommunen anka ikkje for seint

Dommen fekk brei omtale i media, men var ikkje korrekt forkynt før han kom i posten fleire dagar seinare.

Ladegårdsgaten 75

Stridens kjerne er kven som har ansvaret for skadane på dette huset.

Foto: Ingrid Elisabeth Sæthre Stabrun / NRK

Føljetongen om den skadde bygarden i Ladegårdsgaten i Bergen held fram.

No har Gulating lagmannsrett samrøystes avgjort at ein anke frå Bergen kommune etter dommen i Bergen tingrett ikkje kom for seint, slik bebuarane har meint.

Tilsendt på epost og faks

Dommen der kommunen tapte blei gjort kjent for partane fredag 17. desember i fjor ved at dei fekk han tilsendt på epost og faks.

Det var knytta stor spenning til denne dommen, og han fekk difor stor merksemd i media den fredagen. Kommuneadvokaten i Bergen var blant dei som kommenterte dommen same dagen.

Samtidig blei dommen send med vanleg post til partane, og kom fram på denne måten over helga, nærare bestemt mandag 20. desember.

Vurderte saka grundig

Bergen kommune brukte god tid på å vurdera om dei ville anka dommen. Så lang tid at den reelle forkynningsdatoen er avgjerande for om anken kom i tide eller ikkje.

Viss ein reknar frå fredag 17. desember kom anken for seint. Med den konklusjonen ville dommen blitt ståande, og bebuarane ville fått utbetalt dei 80 millionar kronene dei var tilkjent.

Anne Karin Seim viser sprekker i Ladegårdsgaten 75

Huset har fleire godt synlege skadar.

Foto: Ingrid Elisabeth Sæthre Stabrum / NRK

Men dersom ankefristen skal reknast frå den påfølgjande mandagen har kommunen halde seg innanfor fristen.

Og det er altså slik lagmannsretten no har konkludert. Retten viser til ein klar rettspraksis når det gjeld kva som kan reknast som godkjent forkynning av ein dom.

Bebuarane skuffa over resultatet

– Det er klart vi er skuffa over resultatet. Hadde vi fått medhald her, kunne det vore slutten på to års liding for mange, seier styreleiar Anne Elisabeth Myklestad i Ladegårdsgaten 64-76.

Byrådsleiar Monica Mæland (H) i Bergen kommune er glad for at kommunen fekk medhald i at anken kom i tide.

Kommunen har tidlegare opna for å diskutera eit forlik med bebuarane, før ankesaka kjem opp i lagmannsretten. Det har ikkje vore aktuelt så lenge striden om ankefristen har pågått.

– No får vi sjå om bebuarane vil gå vidare med dette i rettsapparatet. Viss ikkje kan vi gå i gang med forhandlingar, seier Monica Mæland til NRK.

Les og: Nå kan de endelig flytte

Video Ladegårdsgaten i Vestlandsrevyen

SJÅ VIDEO: Vestlandsrevyen si dekning den dagen det blei klart at kommunen ville anka dommen.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås