BILDER: Uvær og ras 14. november
Byggesakssjefen fortel at etter dødsulukka i Hatlestad Terasse i september har mange bergensarar sendt meldingar til kommunen om stader der dei er redde for ras.
Ingen uro rundt Hetlebakk
Men ingen har varsla uro for ras i Hetlebakk, der ras tok det tredje dødsofferet i går.
- Eg kan ikkje sjå at me hadde noko grunnlag for å be om ei rasvurdering. Me har ingen meldingar korkje frå bebuarane eller naboar om at me burde vera på vakt her, fortel Fagerbakke.
Mange er utrygge
Bergen kommune gav løyve til å bygga bustadar under dei to skråningane der ras har teke tre liv i haust, men byrådsleiar Monica Mæland vil ikkje uttala seg om kommunen sitt ansvar for dødsulukkene.
- Eg har ikkje kunnskap nok til å meina noko om ansvaret, seier ho.
- Tykkjer byrådsleiaren då at bergensarar som bur bratt skal kjenna seg trygge?
- Eg trur at alle me som bur i Bergen no har ein viss usikkerheit i seg. Dei som kjenner seg utrygge må ta kontakt med kommunen slik at me kan få undersøkt eventuelle rasfarlege område, oppfordrar Mæland.
Analyserer område
Kommunen arbeider no med ein risiko- og sårbarheitsanalyse om ras- og flaumfare i heile Bergen.
- Førebels har kommunen sjekka ein del av meldingane frå innbyggjarane utan å finna bustadområde som har større rasfare enn ein trudde då husa blei bygd, seier byggesakssjef Anne Iren Fagerbakke.