Slo til mot ulovlege bygg i strandsona – ni år seinare jobbar dei framleis med sakene

FITJAR (NRK): No angrar den vesle kommunen Fitjar på at dei blei med på storaksjonen med Kystvakta og politi i 2008.

Ulovlig byggin i strandsonen

ULOVLEG: På denne eigedommen vart det bygd veg og molo som aldri var godkjent. Her fekk byggherre og entreprenør bøter og inndraging på meir enn 600.000 kroner.

Foto: Haugaland og Sunnhordland lensmannskontor

– Hadde vi visst kva vi vart med på, hadde vi ikkje gjort det, seier rådmann i Fitjar, Atle Tornes.

Han var òg rådmann i Fitjar i 2008, då den store, hemmelege strandsoneaksjonen i Fitjarøyane vart gjennomført. Der vart det oppdaga om lag 20 moglege tilfelle av ulovleg bygging.

I tida rundt 2008 var det stort fokus på ulovleg bygging frå politi og myndigheiter. Det vart innført strengare reglar, og fleire kommunar endra politikk frå å tilgi til å krevje riving.

Ein av dei var Fitjar. Der var Kystvakta, politi og fylkesmann med på pilotsamarbeidet mot syndarar i strandsona.

Fem saker enda med bøter.

– Vi oppfatta aksjonen som eit pålegg frå oven, men visste på førehand ikkje kva det innebar, seier Tornes.

Atle Tornes, rådmann i Fitjar

MANGLA RESSURSAR: Ifølgje Fitjar-rådmann Atle Tornes er manglande ressursar hovudgrunnen til at mange saker har drege ut i tid.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Manglar ressursar

Konsekvensane av storaksjonen vart meir enn kva kommunen var rusta til å takla åleine.

– Aksjonen var ikkje planlagd frå relevante avdelingar hjå oss, vi visste ikkje kva som skulle gjerast eller kor mykje arbeid det ville føre til. Dette gjorde at vi sat utan ekstra ressursar, fortel Tornes.

Ulovlig bygging i strandsonen

ULOVLEG: Dette bygget var aldri søkt om, og ein bot på 100.000 kroner vart redusert til 75.000 kroner då utbyggar gjekk med på å rive bygget.

Foto: Haugaland og Sunnhordland lensmannskontor

Mange av sakene som vart registrerte som mistenkelege, har framleis ikkje blitt behandla. Det likar rådmannen dårleg.

– Ein av grunnane til at vi ikkje har klart å følgje opp er at vi i svært liten grad har ressursar til det, seier Tornes.

Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, er einig med rådmannen. Ho synest ikkje aksjonen vart gjennomført på ein god måte.

Wenche Tislevoll

MISNØGD: Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, meiner aksjonen i 2008 ikkje burde vore gjennomført

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Dette var ei skremmande oppleving for mange av innbyggarane. Enkelte vart stempla som kriminelle, noko dei absolutt ikkje var. Denne aksjonen skulle aldri vorte gjennomført.

Men dei hadde jo bygd ulovleg?

– Nokre hadde kanskje det. Men dette vart teke ut av dimensjonar, seier Tislevoll.

Forstår ikkje kritikken

– Dette er ein uforståeleg påstand, seier politiadvokat Hallvard Gardshol Bjørndal, som sette i gang Operasjon strandsone i Fitjarøyane.

Han meiner kommunen fekk god informasjon om kva politiet var ute etter under aksjonen.

– Vi hadde gode møte der vi gjennomgjekk område vi skulle sjekke. Dersom dette vart for mykje, må det bety at den ulovlege bygginga har gått føre seg over lang tid, og utan at det har hatt nokon risiko for dei som har bygd. Kommunen har eit ansvar for å følgje opp lovgivinga som gjeld i strandsona, seier Bjørndal.

Hallvard Gardshol Bjørndal

– UFORSTÅELEG PÅSTAND: Politiadvokat Hallvard Gardshol Bjørndal sette i gang operasjonen i Fitjar. Han meiner kommunen fekk god informasjon frå politiet under aksjonen. – Dette er ein uforståeleg påstand.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Men Fitjar kommune følte at dei sat igjen åleine med etterarbeidet. Rådmannen meiner aksjonen var dårleg koordinert, og fortel at dei òg bad Fylkesmannen om hjelp.

– Det er kommunen som har hovudansvaret og som må følgje opp sakene, svarar assisterande fylkesmann i Hordaland, Rune Fjeld.