På norske mottak sit det i dag kring 5000 flyktningar og ventar på å få tildelt ein kommune å bu i. Men sjølv om ventelista er lang, seier mange at dei ikkje kan ta i mot dei flyktningane dei blir bedt om.
Det fører til at mange blir buande på asylmottak lenge.
– Den største utfordringa er at dei har fått beskjed om at dei skal vere her i landet, utan at dei har ein kommune å bu i, seier assisterande regiondirektør Bente Blytt i integrerings- og mangfoldsdirektoratet.
– Dei får ikkje starta med opplæring og kvalifisering til arbeid, dei får ikkje lært det norske språket, eller byrja med integreringa i kommunen. Alt dette må skje i ein kommune og ikkje på eit mottak, seier ho.
LES OGSÅ:
|5000 flyktningar ventar på plass
I 2014 blei kommunane bedde om å ta imot 10.000 flyktningar, men tok imot til saman 7784. I Hordaland har kommunane i år sagt ja til å busetje 705 flyktningar, medan dei blei bedde om å ta i mot eit par hundre fleire.
Også i år bør talet på plassar i kommunane på landsbasis komme opp i 10.000, men framleis manglar mange, fortel Blytt.
– I fjor hadde me heller ikkje nok plassar, så dei sit framleis på mottaka. I tillegg kjem det nye som også skal busetjast.
– For dårlege til å planlegge
– Kva grunngjeving får de frå kommunane på at dei ikkje kan ta mot fleire?
– Det er ulike grunngjevingar frå kommune til kommune. Det me kan mangle mest er den langsiktige planlegginga om å ta i mot flyktningar. Dei kommunane som er flinke til å planlegge på sikt, klarar å løyse utfordringane med nok bustadar og ressursar.
– Me jobbar for å få kommunane til å jobbe med dette som eit heilt ordinært område som eldreomsorg, skular, barnehagar og helse. Dette er ein del av det framtidige Noreg. Det vil komme flyktningar som dei skal ta i mot i kommunen, seier Blytt.