Hopp til innhold

– Eg er glad eg tok på meg bilbeltet akkurat den dagen

Madeleine (27) brukar erfaringane frå trafikkulukka i 2007 til å hindre nye ulukker. I dag fekk kommunen ho bur i nasjonal pris for trafikktryggingsarbeidet.

Madeleine knekte ryggen etter front-mot-front kollisjon

KNEKTE RYGGEN: Madeleine Monstad var heldig som berga livet etter front-mot-front-kollisjonen på Nordhordlandsbrua i 2007. I dag fortel ho unge om korleis det er å hamna i trafikkulukker.

Foto: Erlend Spurkeland

Totalvrak etter kollisjon på Nordhordlandsbrua

TOTALVRAK: Madeleine og kameraten var heldige som kom frå ulukka med livet i behald.

Foto: Erlend Spurkeland

I 2007 skjedde ulukka som endra livet til Madeleine Monstad.

Ho sat i passasjersetet på veg heim frå jobb då ein motgåande bil kom over i feil køyrefelt på Nordhordlandsbrua. Berre rekkverket på brua hindra at den raude personbilen vart slengd på fjorden.

Knekte ryggen

Både Madeleine og kameraten som køyrde bilen vart alvorleg skadde i ulukka. Ho fekk to brot i ryggen, han knekte begge armane og eine lårbeinet.

– Eg var inne i ein periode der det ikkje var så kult å bruka bilbelte. Så eg brukte som regel ikkje belte. Men eg er glad eg tok på bilbeltet akkurat denne dagen, det berga nok livet mitt, seier 27-åringen.

Tida etter ulukka har vore ein kamp for å komma tilbake til eit normalt liv.

– Det har vore tøft. Eg gjekk med krykkjer i eit halvt år og har brukt mykje tid på opptrening. Men me var jo kjempeheldige begge to.

Personen i den andre bilen sovna bak rattet og kom over i feil køyrebane.

Trafikkulukke Nordhordlandsbrua 2007

SOVNA BAK RATTET: Sjåføren som kolliderte med Madeleine og kameraten hadde sovna bak rattet.

Foto: Erlend Spurkeland

Årets trafikktryggleikskommune

I dag fekk kommunane Lindås og Austrheim Samferdsledepartementet sin trafikktryggleikspris for arbeidet kommunane har gjort for å hindra trafikkulukker.

Utdeling av prisen som årets trafikktryggleikskommune

PRISUTDELING: Ordførarane Astrid Aarhus Byrknes og Per Lerøy får prisen av politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prisen vart delt ut av Sigrid Brattabø Handegard som er politiske rådgjevar i departementet.

– Lindås og Austrheim har vist at dei lagar planar, gjennomfører planar, er gode på dialog med ungdommane og set fokus på haldningar, sa Brattabø Handegard til NRK.no etter å ha delt ut prisen.

I grunngjevinga skriv departementet at kommunane har fått til eit unikt samarbeid som få andre kommunar kan visa til. Både når det gjeld fysiske tiltak, men og når det gjeld haldningsskapande arbeid.

– Ungdomsarbeidet viktigast

KrF-ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes og Ap-ordførar i Austrheim Per Lerøy tok i mot prisen på vegner av kommunane.

– Det viktigaste me har gjort er nok det førebyggande arbeidet inn mot ungdommane våre, seier Lerøy.

Det er veldig bra at me vert lagt merke til, seier Aarhus Byrknes.

Austheim og Lindås vart måndag heidra for trafikksikringsarbeidet i kommunane.

Video: Austrheim og Lindås vart måndag heidra for arbeidet med trafikksikring og haldningsskapande arbeid for å redusera talet på trafikkulukker.

– Viktig å vera med

Etter ulukka i 2007 har Madeleine Monstad bidrege med si historie i haldningsarbeidet. 27-åringen synst det er meiningsfylt å dela sine erfaringar med ungdom.

Madeleine Monstad

BERGA LIVET: Madeleine Monstad knekte ryggen i ulukka på Nordhordlandsbrua i 2007.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

At unge fortel ungdom om kva dei er opplevd er ein av grunnane til at kommunane får prisen.

– Eg synst det er viktig å vera med på å hindra ulukker, og eg synst det er fint å vera med på å fortelja unge korleis det er å hamna i ei slik ulukke. Eg trur det er meir effekt når dei får høyra om det når ein har vore oppi det sjølv, seier Monstad.

Ho meiner dei to kommunane fortener prisen.

– Eg synst dei gjer ein fantastisk jobb med å hindra trafikkulukker, seier Monstad som aldri set seg i ein bil utan å ta på seg bilbelte.