Kommunane er Fitjar, Fusa, Lindås og Fedje, opplyser Statens Helsetilsyn.
Desse kommunane er dårlegare førebudd på å takla krisar, til dømes dersom fugleinfluensa smittar over på menneske.
- Uheldig
Fylkeslege Helga Arionson meiner dette er uheldig.
- Innanfor helse- og sosialberedskapen er det eit lovpålagd krav om at det skal vera ein plan. Det forventar me jo at det skal vera, og at det blir følgd opp når det ikkje er det. No må desse kommunane sørgja for å få dette på plass, seier ho.
Fitjar kommune har prioritert andre ting framfor ein lovpålagt plan for helsemessig og sosial beredskap.
Travelt i Fitjar
Fitjarordførar Agnar Aarskog seier dei jobbar med saka.
- Det har vel med prioriteringa i ein travel kvardag å gjera, men me skal klara fristen me har fått til 15. mars, meiner han.