Hopp til innhold

Kommunane mister og får ein milliard kroner

– Eg er svært skuffa, og svært letta, seier ordføraren i kommunen som er blant dei som har aller mest å tapa på at dei borgarlege partia fjernar ordninga med skatt på verk og bruk.

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

SKUFFA: Ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås seier kommunane no har tapt den viktigaste saka på mange tiår.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Partileiaren min Knut Arild Hareide har i kveld stadfesta til meg at me får kompensert inntektstapet nærast fullt ut. Det er ei stor lette, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

– Det var dette dei verkeleg krangla om på overtid i budsjettforhandlingane med Høgre og Frp.

Lindås kommune åleine, der oljeraffineriet på Mongstad ligg, har årleg om lag 150 millionar kroner i inntekter frå skatten på verk og bruk.

Den blir også kalla «maskinskatten», og gir i dag om lag 1,2 milliardar kroner i inntekter til kommunane. Det er særleg kommunar med store industribedrifter som har gode inntekter gjennom denne skatten.

I forslaget sitt til statsbudsjett for 2018 føreslo Høgre og Frp å fasa denne ordninga ut i løpet av fem år.

I budsjettavtalen som KrF og Venstre no har inngått med regjeringspartia, blir denne skatteordninga fjerna om lag slik regjeringa ønska.

Men for å få gjennomført dette, har regjeringa måtta godta at kommunane skal få tilnærma full kompensasjon for inntektene som fell bort.

– Køyrer over lokaldemokratiet

For Lindås betyr det at så lenge det er raffineri på Mongstad får kommunen kompensasjon for at denne skatten no blir fjerna.

– Likevel er eg utruleg skuffa. Dette var prinsipiell sak om lokal sjølvråderett. 300 kommunar har kjempa i mange år for å behalda desse skatteinntektene, men blir ikkje høyrd, seier Byrknes.

– Dette er prinsipielt den viktigaste saka for norske kommunar på mange tiår. Det handlar om lokaldemokratiet.

Ho viser til at kommunane meiner det burde blitt oppnevnt eit lovutval som skulle vurdera framtida til ordninga med skatt på verk og bruk.

– Det skulle gjennomgå det svært uføreseielege og utdaterte regelverket vi har i dag. KrF forhandla knalltøft for at det einaste rette er å setja ned eit lovutval. Men heller ikkje Venstre høyrde på kommunane, seier Byrknes.

STATOIL MONGSTAD

SLEPP MASKINSKATT: Dei borgarlege partia fjernar skatten som mellom andre Statoil sitt oljeraffineri på Mongstad i dag betaler til Lindås kommune.

Foto: Harald M. Valderhaug

Administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen i Virke er derimot glad for at skatten blir fjerna.

– Vi har gått imot denne maskinskatten fordi den rammar verdiskaping og arbeidsplassar, særleg i distrikts-Noreg, seier ho.

Blir fjerna over sju år

NHO-sjef Kristin Skogen Lund kallar det svært gledeleg at dei fire borgarlege partia har avgjort at denne skatten etter planen skal fjernast gradvis over ein sjuårsperiode.

– Det viktigaste for Noreg framover er å skapa fleire arbeidsplassar – det er naudsynt for å sikra velferda. Å fjerna skatten på verk og bruk er eit av mange svar på denne utfordringa. Denne uføreseielege skatten er eit hinder for nyetableringar og ei stor ulempe for etablerte bedrifter.