NRK Meny
Normal

Kommunane får framleis forby tigging

Stortinget vedtok i ettermiddag å la kommunane halde fram med å bestemme om tigging skal vere tillate.

Tigging

KAN FORBY: I dag vedtok Stortinget å framleis la kommunane innføre eit lokalt tiggarforbod dersom dei ønskjer det.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Dette er eit verdispørsmål som bør bli avgjort nasjonalt. Å ha denne type debattar i kvar enkelt kommune er ikkje hensiktsmessig, seier justispolitisk talskvinne i Venstre, Iselin Nybø.

Iselin Nybø (V)

SKUFFA: Justispolitisk talskvinne i Venstre, Iselin Nybø.

Ho er skuffa over at Stortinget i dag vedtok å la kommunane få halde fram med å innføre lokalt tiggarforbod dersom dei ønskjer det.

– Eg er skuffa, men samtidig ser eg at det er veldig få kommunar som har innført eit tiggarforbod. Det er veldig bra at kommunane ser ut til å ikkje følgje dette opp. Å setje seg ned på gata med ein kopp og be om hjelp, bør ikkje vere ulovleg, seier Nybø.

LES OGSÅ: Arbeiderpartiet vil fjerne tiggeforbudet | – Regjeringen må fjerne lokale tiggeforbud

Fekk ikkje støtte frå Sp

I februar trakk regjeringa forslaget om eit nasjonal tiggarforbod, etter å ha mista støtta frå Senterpartiet.

Venstre og KrF har sidan pressa på for ei ny lovendring som forbyr kommunane å innføre tiggarforbod lokalt. Sp kunne gitt fleirtal til forslaget, men ingen av fylkeslaga vil fjerne kommunane sin rett til å innføre tiggarforbod lokalt.

Forslaget frå Venstre og KrF blei i dag stemt ned av Stortinget med 53 stemmer mot 47.

LES OGSÅ: Sp vil ikkje fjerne lokal rett til å forby tigging

– Bør bli avgjort av kommunane

Peter Christian Frølich

– TRYGGINGSVENTIL: Peter Christian Frølich (H) meiner kommunane må ha moglegheita til å innføre forbod dersom dei ønskjer det.

Foto: Hordaland Høyre

Saman med Frp og Sp, røysta Høgre i dag mot forslaget om å oppheve moglegheita til lokalt tiggarforbod.

– Dette er ein viktig tryggingsventil. Nokre gonger kan problemet med aggressiv og systematisk tigging bli så stort at kommunane bør ha moglegheita til å handtere problemet, seier Peter Christian Frølich (H) i justiskomiteen.

– Dei fleste klarar å handtere dette utan bruk av forbod, men me ønskjer kommunane skal ha moglegheita dersom dei føler det er nødvendig.

LES OGSÅ: Debatt i Arendal nå: Politikerne opphever trolig tiggeforbud

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.