Hopp til innhold

Kombinerer kultur og næring

Fire economuseum skal på plass i Hordaland. Målet er å redde arbeidsplassar og samstundes ta vare på tradisjonshandverk.

Aurlandsskoen
Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

I dag opna Europa sitt fyrste economuseum, Aurlandsskoen, i Aurland i Sogn og Fjordane. Om ikkje lenge skal 4 liknande museum opnast i Hordaland.

Economuseum

Eit economuseum er eit heilt spesielt museumskonsept utvikla etter ein canadisk modell. Ved å kombinere kultur og næring har economuseet som mål å redde arbeidsplassar ved å satse på tradisjonshandverk.

Det er Hordaland fylkeskommune som leiar economuseumsprosjektet. Også sju andre europeiske land er med. Til saman skal det opprettast 18 slike museum i Europa, fire av desse i Hordaland.

Aurlandsskoen

I dag opna den fyrste Ecomomuseet i Europa. På Aurlandsskoen i Aurland i Sogn og Fjordane har dei redda ein 80 år gamal sko.

Aurlandsko
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Aurlandsskoen var jo eit klenodium for Aurland i mange år, fortel Nils Tveranger Frøningen, bornebornet til den aller fyrste som laga sko i Aurland.

Skofabrikken har no endra produksjonen slik at dei besøkande kan gå gjennom fabrikken og fylgje prosessen frå byrjing til slutt i ei levande museumsdrift. Dette economuseet har sikra fire arbeidsplassar og kanskje også framtida til aurlandsskoen.

- Dette er ein god kombinasjon av kultur og næring. Her har me eit konsept som er godt utvikla og som fungerar veldig godt, seier samferdsleminister og sogning Liv Signe Navarsete.

Det fyrste economuseet i Hordaland er oselvarverkstaden i Os.