NRK Meny
Normal

Kom inn som «wild card» – har sett to noregsrekordar

Markus Lie (21) var eigentleg ikkje kvalifisert til å vera med på verdscupen. No har han sett to norske rekordar på to dagar.

Lie

TO REKORDAR PÅ TO DAGAR: Markus Lie under eit anna stemne.

Foto: CLAUS FISKER / Afp

Markus Lie nådde eigentleg ikkje krava for å kvalifisere seg til meisterskapen, men vart vald ut på såkalla «wild card».

No har bergensaren sett to nye rekordar under verdscupen i Moskva, det første av åtte stemne under cupen.

I går sette bergensaren ny norsk rekord på 200 meter fri, og i dag sette han ny norsk rekord på 100 meter medley.

To rekordar på to dagar

– Eg viser at eg nyttar sjansane eg har fått, og at eg har noko her å gjera. Eg utrettar noko, får finalar og set norske rekordar, seier Markus Lie.

Han svømte inn til 1.44,24 på 200 meter fri i går, og i dag svømte han inn til 52.65 på 100 meter medley.

– På ein måte skulle eg ikkje vore her, men landslagsleiinga såg potensialet mitt, og at eg kunne trenga internasjonal erfaring.

Dette er første gong han deltar i ein verdscup. Han er på plass i Moskva saman med eit anna ungt svømmetalent frå Noreg, Henrik Christiansen.

Kan komma i verdseliten

Lie fortel at hovudmålet etter verdscupen blir å kvalifisera seg til OL i Tokyo i 2020.

– Å nå opp i Europa- og verdseliten har alltid vore ein draum. Det er det håpet som gjer at ein klarer å stå opp klokka kvart over fem for å gå på trening.

Svømme-ekspert Fin Gnatt meiner at Lie allereie er godt på veg etter å ha sett to rekordar på to dagar.

– Plutseleg er Markus eit veldig stort jafs nærmare verdseliten. Han treng eit par sekund til for å komma dit, men han heng veldig godt med. I fjor sprengte han ei grense då han blei første nordmann som svømte 100 meter fri på under 50 sekund på langbane.

– Han er 21 år gammal og har hatt ei veldig fin utvikling alltid, og han er veldig seriøs. Han satsar det som skal bli satsa i svømming, og det er 4–5 timar dagleg.

Vakuum etter Dale Oen

Fin Gnatt meiner at svømme-Noreg hadde ein veldig flott generasjon mellom 2005-2012/2013 med Aleksander Dale Oen i spissen.

– Då han døydde og dei andre etter kvart la opp, så var svømmemiljøet litt i eit vakuum. Men i den nye generasjonen er Markus Lie veldig sentral og Henrik Kristiansen er førebels den fremste.

Alexander Dale Oen

– VAKUUM: Svømmeekspert og TV 2-journalist Fin Gnatt menier at de har vore eit vakuum etter Alexander Dale Oen døydde.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Landslagssjef Petter Løvberg er full av lovord om ungutten.

– Det begynner å lukta internasjonal klasse. Han svømmer seg heilt inn i Europa. No begynner han å nærma seg verdsklasse.

Han er glad for at dei valde ut Lie på «wild card».

– For oss har det vore ein bevisst strategi å gi dei litt erfaring, og me er veldig nøgd med at me tok ham med som wild card.