Kolonnekøyring har ført til lange køar i Hardanger

Tekniske problem gjer at det er innført kolonnekøyring og manuell dirigering i Vallaviktunnelen på riksveg 13.

Kø ut på Hardangerbrua

Køane strekte seg over Hardangerbrua på grunn av kolonnekøyringa i Vallaviktunnelen.

Foto: Petter Goga / NRK

Ettersom Gudvangatunnelen på E16 er stengt, er det større trafikk på omkøyringsvegane. I dag har det vore køar på riksveg 13 ved Hardangerbrua fordi det har oppstått tekniske problem i den nesten 8 kilometer lange Vallaviktunnelen.

– Vi har mista styringa over teknisk utstyr inne i tunnelen. Av omsynet til tryggleik er vi derfor nøydde til å begynne med kolonnekøyring og manuell dirigering inne i tunnelen, sa trafikkoperatør Kristian Fauskan til NRK i dag tidleg.

Klokka halv åtte har trafikken avtatt, men det er framleis kolonnekøyring og manuell dirigering på staden.

Usikkert

Det er for Vegvesenet usikkert kor lenge det blir slik. Elektrikarar jobbar på staden med å løyse problema.

Vegvesenet ba folk om å ta høgde for at det kan bli kø og ein del ventetid.

– Det blir følgjebil gjennom tunnelen. Er ein maks uheldig på å treffa den må ein venta i 15–20 minutt, seier Fauskan til NRK.

Laster Twitter-innhold
Køar på riksveg 7

Køane strekte seg over Hardangerbrua og deretter gjennom den første tunnelen på sørsida av fjorden.

Foto: Petter Goga / NRK

Omkøyring

Anbefalt omkøyring etter bussbrannen på E16 i Gudvangatunnelen er riksveg 7 over Hardangervidda eller E134 over Haukelifjell om ein skal frå aust til vest. Frå nord til sør blir E39 via Lavik-Oppedal anbefalt.

Riksveg 13 over Vikafjellet er anbefalt for personbilar og lokal trafikk.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.