NRK Meny
Normal

Ein person til legevakt etter kollisjon

To bilar kolliderte på E39 over Danmarksplass i Bergen.

Ein person til legevakt etter trafikkuhell på Danmarksplass.

Naudetatane rykka ut til trafikkuhell på Danmarksplass.

Ulukka har skjedd like ved bybanestoppet på Danmarksplass, på E39 retning sentrum. To bilar har kollidert og ein person har smerter i hovudet får NRK opplyst av politiet.

– Vi er på staden saman med helse og brann, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.

Ulukka skal ha skjedd då ein av bilane skulle skifta felt før trafikklyset på Danmarksplass.

Trafikken går greitt forbi ulukkesstaden og det er ikkje meldt om køar.

Rydda

Bergingsbil er på plass frå NAF og det går føre seg no opprydding på staden. Det er ikkje mistanke om promillekøyring frå nokon av dei involvert.

– Ein person er no sendt til legevakt for ein sjekk. Det verkar å vera snakk om mindre skader, fortel Magnussen.

Siste video

Lager vannscootere mer lyd enn fritidsbåter? NRK har sjekket.
Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.