NRK Meny
Normal

Kollisjon mellom buss og personbil i Fusa

Personane i bussen er uskadde. Bilføraren har fått mindre skadar, opplyser politiet.

Trafikkulykke Fusa

LETTARE SKADD: Føraren av personbilen har fått mindre skadar i kollisjonen.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Kollisjon i Fusa

KOLLISJON: Personbilen skal ha køyrd på bussen bakfrå.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

– Vi fekk melding klokka 14.40 om at ein personbil og ein buss har kollidert i Fusa, seier Stig Tetler i Bergen brannvesen.

Alle naudetatane rykte ut til ulykkesstaden, som ligg mellom Bjørndal og Kilen på fylkesveg 48.

– Ut ifrå dei meldingane vi har fått, skal det ikkje vera store skadar, seier Tetler.

Ifølgje eit vitne på staden skal personbilen ha køyrd på bussen bakfrå.

Politiet opplyser klokka 15.07 at personane i bussen er uskadde, og at føraren av bilen virkar mindre skadd. Det er ifølgje politiet ein del kø på staden på grunn av ulykka.

Klokka 15.40 slår politiet fast på Twitter at føraren av personbilen har fått mindre skadar. Taubil er bestilt for å få fjerna personbilen.

Statens vegvesen opplyser at det ikkje er mogleg for store køyrety å koma forbi.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo