Naudetatane rykka ved 09-tida ut til ei ulykke i Beitlatunnelen på E16 mellom Bergen og Voss. To bilar, den eine med tilhengar lasta med stein, hadde frontkollidert. Den eine bilen låg på taket.
– Melder seier at det er ein frontkollisjon. Det er ein ulukkesstad, det er kaotisk, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt like etter ulukka.
Det var totalt fire personar involvert i ulukka og det var store materielle skader.
– Det er ein smal tunnel med dårleg lys. Den ligg mellom Camillas kro og Dale, seier Hellesund.
Fire personar skadd
Ein person vart tidlegare i dag sendt med luftambulanse, medan dei tre andre vart frakta med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.
Helse Bergen opplyser i 13-tida at tre personar er alvorleg skadd og ein lettare skadd etter trafikkulykka. Ei kvinne på 50 år er lettare skadd, medan dei tre andre; ein mann på 69 år, ein mann 53 år og ein 19 år gamal mann er også alvorleg skadd.
Rett etter kollisjonen byrja det å brenne i den eine personbilen.
– Ein snarrådig bussjåfør kom til og fekk sløkt brannen, opplyser Hartvigsen.
Tre alvorlege hendingar denne veka
Sidan søndag har det vore til saman tre trafikkulukker på E16.
Den 9 juli var tre personbilar og ein buss involvert i ei trafikkulukke i Lærdalstunnelen på E16 og ein person omkom.
Same dag vart sju personar skada då tre bilar var involvert i ei trafikkulykke ved Ljøsne i Lærdal i Sogn og Fjordane.
Tunnelen open
Beitlatunnelen opna igjen like før klokka 12.00, og var stengt i fleire timar. Det var lange køar på staden.
– Mange bilar snur no i køen og køyrer andre vegar, fortalde Henning Søvik, som stod i køen i retning austover.
Statens vegvesen anbefalte bilistane å ta omkøyringsvegen via fylkesveg 7 og riksveg 13.
Artikkelen er oppdatert 17.juli med riktig alder på dei skadde. Helse Bergen opplyser at dei hadde feil personinfo på dei involverte ulukkesdagen.