Hopp til innhold

Kollisjon i Måbødalen på riksveg 7

  • 2-åring på betringas veg

    Den to år gamle guten som var involvert i ei trafikkulukke i Måbødalen laurdag, er no på betringas veg. Han var lagt inn på Haukeland sjukehus med alvorlege skader, men måndag opplyser Helse Bergen at han har lettare skader.

    Trafikkulykke Vøringsfossen rv7
    Foto: 03030-tipser
  • 2-åring alvorleg skadd

    Ein to år gamal gut fekk alvorlege skader i trafikkulukka på riksveg 7 i Måbødalen i går ettermiddag. Ei kvinne og ein mann i 30-åra ligg innlagd på Haukeland med lettare skader. Bilen dei sat i kolliderte i fjellveggen i ei 80-sone, og to luftambulansar vart sendt til staden.

    Trafikkulykke Vøringsfossen rv7
    Foto: 03030-tipser
  • 2-åring frakta vekk i luftambulanse

    Dei to vaksne og barnet som var i ei trafikkulukke på riksveg 7 ved Vøringsfossen er ikkje alvorleg skadde. Barnet, ein 2-åring, har fått ei flenge i panna, men var vaken då politiet kom til staden. Mannen har smerter i ein ankel, medan kvinna har smerter i bryst og hofte. Luftambulansen held no på å lande, og Måbødalen er stengt for trafikk inntil vidare.

    Trafikkulykke Vøringsfossen rv7
    Foto: 03030-tipser