Kollektivtaksten blei kraftig kutta – men busselskapet tek tredobbel pris

Nor-Way Bussekspress har i over eitt år tatt 177 kroner for billetten som kostar 59 kroner hos det offentlege kollektivselskapet Skyss. Etter at NRK tok kontakt i saka, vurderer dei endringar.

Fjordekspressen og Kystbussen

EKSPRESS: Fjordekspressen frå Nor-Way Bussekspress kostar 177 kroner mellom Bergen og Matre. Men kjøper du frå Skyss-appen får du billett til same buss for 59 kroner.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

På Nor-Way Bussekspress og Vy sine bussruter mellom Bergen og Nord-Vestlandet kan ein reisa for berre 59 kroner på strekningar innanfor Hordaland fylke.

Men då må ein kjøpa billetten via appen til det fylkeskommunale selskapet Skyss, som 1. august i fjor gjennomførte ein stor takstomlegging som kutta prisane på reiser mellom Bergen og andre kommunar.

Men viss passasjeren ikkje veit om dette, og kjøper billett via nettsidene til ekspressbuss-selskapa, kostar den same turen med den same bussen 177 kroner.

Det er nøyaktig tre gonger så dyrt.

Tore Øvretvedt, sjåfør på Fjordekspressen til Firda Billag/Nor-Way bussekspress

SJÅFØR: Tore Øvretvedt, sjåfør på Fjordekspressen, seier at han tilrår folk å bruka Skyss-appen når dei tar bussen innanfor Hordaland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Sjåføren oppmodar

På heimesida si opplyser verken Vy eller Nor-Way Bussekspress om rabatt når du kjøper billett.

Hos Nor-Way Bussekspress må ein klikka seg inn på ei informasjonsside om sjølve ruta for å få vita om rabatten.

Tore Øvretvedt, sjåfør på Fjordekspressen til Nor-Way, seier han tilrår folk å bruka Skyss-appen i Hordaland.

– Det blir enklare og billigare for passasjeren, og me slepp å ha kontantar i bussen, seier Øvretvedt.

Varslar mogleg endring

Etter at NRK tok opp problemstillinga førre veke, varslar Nor-Way Bussekspress at det kan bli endring.

– Me jobbar med nytt salssystem i Nor-Way, og vil sjå om det er mogleg å få til avtaler der passasjerane får Skyss-takst også på nettsida vår, i alle fall frå 2020, seier direktør Merete Olsen.

Ho forklarer at når folk kan betala lokaltakst på ekspressbussar, er det fordi det offentlege subsidierer den kommersielle billettprisen heilt eller delvis.

– Då har fylkeskommunen inngått avtale om å kjøpa plassar på kommersielle ruter som eit supplement til sitt eige busstilbod.

Fjordekspressen

BUSS: Fjordekspressen køyrer frå Bergen til Trondheim via Førde, Stryn og Otta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ønskjer meir pengar frå Skyss

Det er transportselskapet Tide som driv Nor-Way Bussekspress sine ekspressruter med tilknyting til Hordaland.

Produkt- og konseptsjef Svein Helge Hauge i Tide seier at dei kunne ha vore betre til å informera om rabatten.

– Dette er noko me vil sjå på i lag med Skyss. Me er positive til eit samordna avtaleverk rundt kommersielle linjer.

– Må de bli betre kompensert av Skyss?

– Som kommersiell aktør er me opptekne av å ha ein marknadspris som gjer at me kan ha ei inntening. Så me må nok ha ein slags kompensasjon, seier Hauge.

Svein Helge Hauge, Tide/Nor-Way Bussekspress

POSITIV: Produkt- og konseptsjef Svein Helge Hauge i Tide vil informera betre om rabatten Skyss-appen gir, og ønsker felles avtaleverk med Skyss.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Historia gjentek seg

Ei liknande innrømming skjedde tidlegare i år.

I mars fortalde NRK at Haukeliekspressen kravde over tre gonger dyrare billettar på sine nettsider enn viss passasjeren kjøpte billett via Skyss-appen.

Prisforskjellen oppstod i samband med takstomlegginga til Skyss i fjor, som gav store priskutt på bussreiser utanfor Bergen. Men Nor-Way hadde halde fram utan å justera billettprisane tilsvarande.

Målfrid Vik Sønstabø

DIREKTØR: Målfrid Vik Sønstebø er direktør i det offentleg-eigde kollektivselskapet Skyss. Ho seier at ekspressbussoperatørane må sjølve stå for informasjon ut til kundane.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

Stoppa overprising

To dagar etter at NRK omtalte saka, sette Skyss ein stoppar for Nor-Way si overprising.

– Avtalen med Nor-Way skal avsluttast umiddelbart, sa Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø.

Sidan i sommar har passasjerane på Haukeliekspressen fått den billige Skyss-taksten, uansett korleis dei kjøper billetten.

Men fram til ei eventuell endring i 2020, kan ein framleis risikera å betala tre- eller firedobbel pris i Nord- og Sunnhordland.

– Skyss-billett kan brukast på delstrekningar gjennom Nordhordland, og vi informerer om det i lokalruteheftet og på nett. Men ekspressbussoperatørane må sjølve stå for sin informasjon ut til kundane, seier Sønstabø.

Korrigering: I ein tidlegare versjon stod det at også langvegsfarande kan spara pengar, ved å dela reisa opp i to billettar med offentleg lokaltakst i staden for éin kommersiell ekspressbussbillett. Fjordekspressen opplyser at dei ikkje godtek at passasjerar kombinerer Kringom-billett i Sogn og Fjordane og Skyss-billett i Hordaland, men at ungdomskort gjeld på ekspressbussen.