NRK Meny

Kollektivprisane kan auke neste år

Hordaland fylkeskommune satsar på grøn teknologi i åra framover. – Det grøne skiftet har likevel ei bakside og det er kostnaden, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding. I fylkesbudsjettet for neste år vert det mellom anna foreslått å auke kollektivsatsane med 2,5 prosent. Det betyr til dømes at ein må ut med 30 kroner ekstra for ein 30-dagars periodebillett for vaksne. I tillegg vert aldersgrensa for ungdomsbillett sett ned frå 20 til 19 år.

Buss og bybane i Bergen
Foto: Atle Markeng / NRK

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.