Marit var heldigvis på jobb då hjartet stansa

Hjarteinfarkt hos unge kvinner blir ofte oppdaga for seint. Marit Fjellstad segna plutseleg om på jobb på Betanien sjukeheim i Bergen, og denne veka takka ho kollegaene sine for livet.

Marit Fjellstad redda livet på jobb

SJÅ VIDEO: Marit Fjellstad hadde aldri trudd at ho skulle få hjartestans i ein alder av 39. Denne veka fekk ho takka redningsmann Anders Kroken i Norsk Luftambulanse.

– Eg kjente at eg blei grådig svimmel, og så sa eg til pasienten eg var med at eg måtte gå ut og sette meg ned, seier Marit Fjellstad.

Infarktet til Marit kom på ein veldig dramatisk måte, der første symptom var hjartestans

Overlege Hall Schartum-Hansen
Marit Fjellstad

OPPLEVDE MARERITTET: Marit Fjellstad hadde aldri trudd ho skulle få hjartestans i ein alder av 39.

Foto: NRK
Anne Moss

HJELPTE TIL: – Ho deisa rett i dørkarmen, fortel kollega Anne Moss.

Foto: NRK

Unge kvinner får svært sjeldan hjartestans, og 39 år gammal hadde Marit Fjellstad aldri trudd at det kunne skje ho.

– Eg tenkte aldri på at det var så alvorleg, seier ho.

Var heldigvis på jobb

Hadde det ikkje vore for at kollegaene hennar på Betanien sjukeheim i Bergen raskt skjøna alvoret då Marit fall om med hjarteinfarkt, så kunne dagen ha endå meir dramatisk.

– Eg er glad eg var på jobb, og at eg hadde kollegaene mine der, seier Marit.

På få minutt fekk Anne Moss og andre kollegaer sett i gang nødvendig hjarte- og lungeredning, og varsla ambulansetenesta.

– Ho var på veg til å setje seg, og så deisa ho rett i dørkarmen og veggen. Ho fall om på golvet, og då forstod eg at her er det alvor, seier Anne Moss.

Viktige minutt

Det kan ha redda livet til Marit, for når Anders Kroken i Norsk Luftambulanse rykkjer ut på hjarteinfarkt, er det sjeldan han får møte på pasienten igjen.

– Det er veldig kjekt å sjå at det har gått så bra, for ofte endar ikkje situasjonen så godt, seier Anders Kroken.

– Det er mykje oftare at det går gale, for det me kan bidra med avheng veldig av dei første minuttane, og dei er utruleg viktige, seier han.

Hall Schartum-Hansen er overlege på hjarteavdelinga på Haukeland sjukehus, seier Han seier infarkt slik som Marit Fjellstad opplevde er vanskelege å oppdage.

– Det er uvanleg at så unge kvinner får hjartestans. Infarktet til Marit kom på ein veldig dramatisk måte, der første symptom var hjartestans. Då er det veldig vanskeleg.

Dette bør sjå og kjenne etter

Han forklarar korleis eit infarkt ofte utspelar seg:

– Det vanlege er at ein kjenner klem eller trykk i brystet, og det treng ikkje nødvendigvis vere smerte. Det kan vere ein brennande svie, som spreier seg som ein stråling ut i venstre arm – eller av og til også i høgre. Deretter kan det oppover i hals og kjeve og i bland kjenner ein dei også i magen.

Er ein saman med nokon som opplever dette, må ein ringe etter hjelp.

– Dersom dette skjer samtidig med at ein blir intenst uvel og er kval eller kaldsveittar, så er det berre ein ting å gjere: Å ringe 113 med ein gong.

Sjå heile intervjuet med overlegen:

Overlege Hall Schartum-Hansen på Haukeland sjukehus forklarar korleis ein kan kjenne att hjarteinfarkt.

SJÅ VIDEO: Overlege Hall Schartum-Hansen fortel korleis ein kan kjenne igjen eit hjarteinfarkt.