Hopp til innhold

Angreip sjefen med øks - ankar dommen

Han gjekk til angrep på hotelldirektøren med ei kjøttøks, og vedgå at han prøvde å drepe sjefen sin. Brasilianaren vart dømt til åtte års fengsel, men no ankar han dommen.

Retten i øksedrama

Hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum (i midten) vart angripen med øks av kokken på hotellet i fjor haust. Her er han i retten saman med aktor Jan-Inge Raanes og bistandsadvokat Line Hvidsten Ingebgrigtsen.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Kokken

PRØVDE Å DREPE SJEFEN: Den tiltalte 51-åringen fekk avslag på opphaldsløyvet sitt i august. I september gjekk han til åtak på sjefen. Her saman med forsvarar Miriam Grimstad.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Mannens forsvarar Miriam Grimstad seier til NRK at 51-åringen meiner straffenivået er for høgt.

Det var i september i fjor at den 51 år gamle kokken gjekk til angrep på hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum med ei kjøttøks inne på kontoret hans. Tønjum fekk eit fire centimeter djupt og tolv centimeter langt kutt i nakken.

Dommen vart avsagt i Nordhordland tingrett 2. april, og var i tråd med det aktor la ned påstand om.

Sa seg sjølv skuldig

øks

VÅPENET: Dette er øksa som Tønjum vart angripen med.

Foto: POLITIET

51-åringen erklærte seg sjølv skuldig då rettssaka starta, og forklarte detaljert årsaka til, og korleis han hadde planlagt å drepe sjefen sin.

Brasilianaren arbeidde for Tønjum på Fleischer's Hotel og vart tilsett i januar i fjor. Han hadde ikkje arbeids- og opphaldsløyve i Norge, noko som førte til vanskar med utbetaling av løn til 51-åringen.

Den 28. august fekk han avslag på søknaden sin om opphald, og hadde siste arbeidsdag på hotellet den 15. september. Fem dagar seinare møtte han opp på kontoret til hotelldirektøren med ei kjøttøks.

Men då han skulle gjennomføre drapet skjedde det noko som gjorde at han ikkje klarte å gjennomføre, fortalde 51-åringen.

– Meiner dommen er for streng

Hovudårsaka til at den brasilianske kokken ankar dommen er at noko skjedde som gjorde at han ikkje klarte å gjennomføre drapet, ifølgje Grimstad.

– Han seier retten ikkje har tatt nok omsyn til at det i gjerningsøyeblikket skjedde noko som gjorde at han ikkje gjennomførte det planlagde drapet.

Den dømte mannen har framleis ikkje fått oversett dommen til portugisisk.

Det er enno ikkje bestemt når ankesaka skal gå for retten, ifølgje Grimstad vil det ta lang tid.