Pål André klatra i sikkerheit, dynka i drivstoff: – Bryr meg ikkje om rapporten

HAAKONSVERN (NRK): Pål André Gustavson kjempa for livet då marinens fremste krigsvåpen kolliderte i Hjeltefjorden i fjor. No ventar mannskapet på den endelege rapporten. – Eg er ferdig med «Helge Ingstad».

Matros Pål André Gustavson (22) forteller om dramaet på KNM Helge Ingstad

VIL GÅ VIDARE: Pål André Gustavson (22) meiner ulukka har gjort han meir motivert til å halda fram i Forsvaret. Han låg og sov då ankeret på oljetankaren flerra opp skutesida. – Eg sit att med positive minner og kjensler etter ulukka.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Fredag 8. november er det eitt år sidan det utenkelege skjedde i Hjeltefjorden nord for Bergen. I grålysninga, like ved den sterkt trafikkerte utskipingshamna Stureterminalen, kolliderte fregatten «KNM Helge Ingstad» med oljetankaren «Sola TS».

Ankeret på tankskipet flerra opp 45 meter av fregatten si styrbord side, og fregatten tok inn vatn. Timar seinare gjekk Sjøforsvaret sitt fremste krigsvåpen rundt og havarerte i fjøresteinane.

Midt i dramaet stod visekonstabel Pål André Gustavson (22).

Helge Ingstad etter kollisjonen

RIVEN OPP: Dette biletet blei tatt få timar etter kollisjonen og viser i større grad kor stor flerra på skuteskroget var etter kollisjonen med oljetankankaren. Fregatten sank allereie same dag djupare i fjorden.

Foto: NRK

Venta på synet av land

I lugaren på tredje dekk bråvakna 22-åringen av lyden frå skroget som rivna. På få sekund blei lugaren der han og tre andre sov fylt med iskaldt sjøvatn og helikopterdrivstoff.

– Lyden kom nærare og nærare før den fôr forbi oss. Eg var førebudd på det verste, og venta på at land skulle koma mot meg, seier visekonstabelel og kokkelærlingen til NRK.

Ankeret frå tankskipet reiv opp tak og vegger, knuste køyer og drog med seg høgspente kablar på sin ferd over styrebord skuteside. Dynka i helikopterdrivstoff, måtte Gustavson og seks kollegaer forsera gneistrande leidningar og oppskore metall på sin ferd til sikkerheit.

Lugaren deira låg på tredje dekk, like ved vasslina. Fleire hundre liter strøyma inn og vassnivået steig fort.

– Slik eg vurderte situasjonen, var oppover den einaste ruta me hadde for å koma oss ut.

Til alt hell hadde samanstøyten bretta skutesida inn i lugaren utan at nokon kom til skade. No blei den redninga. Ved å stå på skutesida klatra Gustavson og kollegaene til sikkerheit på dekket over.

– Frå eg vakna av at skutesida blei skoren opp, tenkte eg at dette vert ein kamp for å overleva. Fokuset på at alle skulle frå dette med livet i behald, var ekstremt, fortel 22-åringen frå Oslo.

Skader på KNM Helge Ingstad

SKROGET: Møtet med ankeret på «Sola TS» resulterte i ei 45 meter lang flerre i skroget på fregatten. Åtte personar blei lettare skadd i ulukka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ferdig med «Helge Ingstad»

På eittårsdagen for kollisjonen i Hjeltefjorden skal Havarikommisjonen legga fram sin fullstendige rapport over kva som hende i tida før ulukka. For besetninga på 137 personar som var om bord på fregatten, blir det viktig å få eit endeleg svar, meiner Gustavson.

I den førebelse rapporten indikerte Havarikommisjonen at brua på fregatten vurderte at tankskipet var Stureterminalen.

Men for Gustavson sin del betyr rapporten lite.

– Eg er spent på å få vita korleis noko sånt kunne skje. Men eg er ferdig med «Helge Ingstad». Eg har gode minner med å segla, men no segler ikkje skipet lenger. Eg har gått vidare, seier kokkelærlingen, som var stasjonert fast på KNM «Helge Ingstad» i rundt elleve månader.

Pål André Gustavson, matros på Helge Ingstad

KOKKELÆRLING: Pål André Gustavson skulle etter planen stå opp til frukostteneste klokka 06. Han vakna i staden til det som skulle bli ein skjebnesvanger kollisjon for fregatten KNM «Helge Ingstad».

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Sit igjen med ei positiv kjensle etter ulukka

Berre to dagar etter ulukka blei han og resten av mannskapet sendt ut på tokt med søsterskipet KNM «Roald Amundsen». I dag er alle tilbake i normal teneste.

– Berre åtte av dei 137 om bord har hatt trong for tett oppfølging frå forsvaret sitt psykologteam. Me er blitt fortald at mannskapet har kome tilbake i normalt gjenge overraskande kjapt.

I dag pregar ikkje hendinga han i særleg grad. Han reflekterer lite over kva som i verste fall kunne ha skjedd.

Sjølv opplevde han ei veldig meistringskjensle etter først å ha redda seg ut, og deretter hjelpt kollegaer som ein del av innsatsstyrken på saniteten.

– Då eg hadde kome meg vekk frå skadestaden gjekk eg over til å oppføra meg som om dette var ei øving. Me øver på eit ganske realistisk nivå i Forsvaret. Den øvinga var heilt avgjerande for oss. Det hadde vore fullstendig kaos utan.

Visekonstabelen er oppriktig imponert over støttelaget til Sjøforsvaret.

– Ulukka har gjort meg meir sikker på at dette er arbeidsplassen for meg. Eg sit igjen med positive minner og ei positiv kjensle etter ulukka.

KNM Helge Ingstad under vann

KREVJANDE: Fregatten blei liggande på ustabil grunn. Hevingsarbeidet varte i mange månader.

Foto: Kystverket, Kystvakten/Forsvaret

Sjøforsvaret held eigen pressekonferanse

Sjøforsvaret seier til NRK at dei har mottatt rapporten, og kjem til å halda sin eigen pressekonferanse om kva dei har gjort for å hindra at ei slik hending skal skje igjen.

Den er planlagt i etterkant av Havarikommisjonen sin presentasjon av rapporten.

– Det er klart at ei hending som KNM «Helge Ingstad»-havariet pregar Sjøforsvaret som organisasjon, seier Torill Herland, kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret.

– Me har 137 personar som har vore gjennom ei dramatisk hending. Dei må takast vare på, samstundes som me har eitt fartøy mindre. I tillegg er ikkje den sikkerheitspolitiske situasjonen blitt noko betre det siste året, seier Herland.