Kokevarsel i Ytrebygda og Fana

Bergen kommune rår innbyggarar i Ytrebygda og Fana i Bergen til å koka vatnet sitt, etter funn av E.coli-bakteriar. 39.000 personar på Hjellestad, i Blomsterdalen, på Flesland, Kokstad og Sandsli er varsla på SMS, melder Bergen kommune. Kokevarselet blir tidlegast oppheva søndag, fordi kommunen treng to reine prøver først, opplyser fagdirektør Magnar Sekse i vatn- og avløpsetaten til NRK.

Kokevarsel fana ytrebygda skjermdump
Foto: Bergen kommune / Skjermdump

Søk i valresultata

valg-dekorasjon