Kokepåbod i alle fall til laurdag

Sundag blei det sendt ut koketilråding av vatnet til om lag 1600 abonnentar i området ved Nygårdshøyden. Årsaka var funn av E.coli-bakteriar i drikkevatnet. Koketilrådinga kan ikkje opphevast før det er teke minst to reine prøvar over 48 timar. – Prøvane me har gjort i dag er fine, og me vil ta nye prøvar i morgon. Svara får me på laurdag. Dersom dei er fine, kan tilrådinga opphevast, seier vaktleiar Stig Nygård i Bergen Vann.