Kø på riksveg 555

Det har som venta danna seg lang kø på riksveg 555 innover frå Sotra mot Bergen. Kommunen har innført strakstiltak, men Vegtrafikksentralen meiner det er for tidleg å seie om det har fungert. Dei melder om det same kømønsteret som tidlegare.