Hopp til innhold

KØ PÅ E16

  • KØANE LØYSER SEG OPP

    Køane på E16 er i ferd med å løyse seg opp, melder Vegtrafikksentralen. Det er likevel framleis noko ferjekø. Både ved Mortavik og Halhjem kan ein måtte belage seg på noko ventetid.

  • TUNNELANE OPNAR IGJEN

    E16 er no open igjen etter ei melding om at ein stein hadde falle ned i ein tunnel. Vegvesenet har vore på staden og kunne ikkje finne steinen. Det er framleis kø på staden.

  • RISNES- OG ROMSLOTUNNELEN STENGT

    Risnes- og Romslotunnelen på E16 er stengt etter at vegvesenet har fått melding om at ein stein har falle ned inne i tunnelen. Det har vore kø på staden i heile ettermiddag, og den stoppar no opp på Romslo-sida mot Arna.

  • SAKTEGÅANDE KØ PÅ E16

    Vegvesenet melder om saktegåande kø frå Vågsbotn til Trengereid. Køen har vart i rundt ein time, og det har vore lite endringar den siste timen.