Hopp til innhold

Kø og kaos på omkøyringsvegen etter ras på E16

Det var lange køar og kaos på omkøyringsvegen gjennom Hardanger då E16 vart stengd etter steinras onsdag. Ambulansesjåfør Steinar Bøe måtte sjølv ut og dirigera trafikken for å koma fram.

Steinras stenger E16

STENGD: E16 er framleis stengd mellom Dale og Bolstadøyri, etter at fleire steinar raste ned onsdag kveld.

Foto: Arne Hofseth

Klokka 1545 opna E16 ved Dale etter å ha vore stengd i nesten eitt døger på grunn av eit steinras onsdag kveld.

Stenginga har ført til køar og kaos på fylkesveg 7 gjennom Hardanger i heile dag. Vegstrekkja mellom Norheimsund og Granvin har status som Nasjonal turistveg, og den tidvis smale og svingete vegen byr ofte på utfordringar når trafikken aukar.

– Det var kaotisk då me møtte køen, fortel Tore Dukstad.

Han brukte ein og ein halv time på strekkja mellom Lussand og Kvanndal, ei strekkje på om lag fem kilometer.

– Denne vegen er jo ikkje laga for slik trafikk, seier han.

Margrete Sjo køyrde mellom Ålvik og Øystese i dag, og det tok tid.

– Eg snigla meg fram i førti-femti kilometer i timen, og turen tok dobbelt så lang tid som vanleg. Eg trur eg brukte 40 minutt på turen, fortel ho.

Måtte dirigera trafikken sjølv for å få fram ambulansen

Ambulansesjåfør Steinar Bøe frå Norheimsund hadde ein tur til Voss i dag, og fortel om stilleståande trafikk. Han meiner at årsaka til køane del var dei smale vegane og dels sjåførar som ikkje er vane med å køyra der.

– Me stod i ro i 45 minutt rett vest for Kvanndal, seier han

Der korka det seg då dei mange vogntoga og turistbussar skulle passera kvarandre. Til slutt måtte Bøe sjølv ut og dirigera trafikken for å koma seg heim.

– Heldigvis var det ein del vogntogsjåførar som har køyrt der før, som var ute dirigerte saman med meg. Me la planar i lag, fekk flytt på nokre bilar og slik greidde me å lura oss forbi, seier han.

– Burde ha dirigert trafikken

Svein Samdal brukte tre timar frå Øystese til Granvin, og fortel om kaos heile vegen.

–Me kom oss vidare fordi to politimenn tok saka i eigne hender og byrja å dirigera trafikken manuelt.

Han meiner at det skulle ha vore trafikkdirigering i heile dag.

– Vegstyresmaktene skulle ha vore vakne og sleppt forbi vogntoga med ein gong, slik at ein unngjekk milelange køar, seier han.

Steinsprang mellom to tunnelar på E39

Like før klokka 23 onsdag kveld lausna det stein mellom Trollkonetunnelen og Hyvingstunnelen på E16.

– Det var mest små steinar som kom ned, men også nokre store som måtte fjernast med maskin. Ein trailer og ein buss vart trefte, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt like etter klokka 05 torsdag morgon.

E16 er hovudvegen mellom Oslo og Bergen, og strekninga mellom Bergen og Voss er svært rasutsett. Vegen vart kåra til «Noregs verste veg» i ei stor NRK-kåring i vår.

Steinras og omkøyring

Helikopter spylte fjellsida

Torsdag morgon var ein geolog på staden for å vurdera fjellsida. Då vart det avgjort at eit helikopter skulle sleppa vatn i fjellsida for å få ned lausmassane som låg att.

Her spyler helikopteret fjellsida ved Dale i Vaksdal

REINSKA FJELLSIDA MED VATN: Eit helikopter sleppte store mengder vatn i området der steinspranget gjekk i går, for å få ned det som låg att av lausmassar.

Foto: Marit Stensby / NRK

Det låg også ei steinblokk i lia som vart vurdert som problematisk.

Fjellsikringsarbeidet i fjellsida ved Dale er ikkje ferdig, og vegen kan verta stengd i korte peroidar utover kvelden.