Hopp til innhold

Knut (11) skreiv rasande brev etter mat-reportasje

11 år gamle Knut Syversen er meir engasjert enn dei fleste når det gjeld matsvinn. Han meiner nordmenn er alt for kresne.

11 år gamle Knut Støve Syversen sendte brev om matsvinn

ENGASJERT: 11 år gamle Knut ber matbransjen kaste mindre mat i eit sjølvskrive brev.

Foto: Siv Støve Syversen

– Er det verkeleg sant, mamma? Kastar dei all den maten? Tenk kva den kan brukast til, seier Knut Syversen.

Etter at 11-åringen, som bur i Kvinnherad, har sett den nyaste episoden av NRK-programmet FBI reddar høna er han oppgitt og sint. Han set seg ned for å skrive brev til dei største matkjedene i Noreg.

– Smakar likt

I FBI-programmet møter vi bønder som opplever at store delar av avlingane aldri når matbutikkane grunna dei strenge krava til utsjånaden til maten.

– Tanken på at vi kastar så mykje mat som kan etast gjer meg sint. I brevet skreiv eg difor at matvarekjedene kan skjære opp dei krokete og misfarga grønsakene og selje dei i posar med ferdigskjært mat, eller i lausvekt, fortel Knut.

Han er ikkje i tvil om at mange like gjerne kunne kjøpt «stygge» grønsaker.

– Dei smakar jo likt, seier Knut.

Knut (11) sitt brev til matvarekjeder

KLAR TALE: «..bruke i sånne poser med ferdig oppskjærte grønsaker. Hilsen Knut, 11 år» avsluttar brevet som Knut har sendt til fleire matkjeder.

Foto: Siv Støve Syversen

– Vi kan ikkje vere så kresne når det gjeld utsjånaden på maten, når det samstundes finst menneske som ikkje har mat, seier den reflekterte 11-åringen.

Det gjer mor Siv Støve Syversen stolt.

– Knut har veldig sterk rettferdssans, i tillegg til at han er veldig glad i mat. Han er oppdratt til at me ikkje kastar mat her heime.

– Ikkje kvardagskost

Kommunikasjonssjef i Coop Norge, Harald Kristiansen, har svara 11-åringen og takka for brevet.

– Det er kjempebra at så unge menneske engasjerer seg, vi treng nokon som pirkar litt borti oss, slik at vi blir klar over kva ansvar vi har. Det er ikkje kvar dag vi får førespurnader frå så unge menneske som Knut, seier Kristiansen til NRK, som hevdar at Coop tek saka alvorleg.

Òg Norgesgruppen svarar at dei tek problemet alvorleg, og har redusert matkastinga betydeleg dei siste åra.

Opprop for snåle grønsaker

Bergensaren Mette Nygård Havre har starta eit eige opprop for forbrukarar som vil kjøpe snål frukt og grønsaker. Ho er einig i at ungt engasjement er bra.

– Det er viktig at den yngre generasjonen viser at dei er oppteken av mat og matsvinn. Dei som er pensjonistar i dag kan dette, men generasjonen etter har ikkje vore så flinke. Då er det viktig at dei yngre tar tak, seier Havre.

Mette Nygård Havre

ET OPP: Mette Nygård Havre har både laga underskriftskampanje og Facebook-sida «Spis opp» for å få folk til å kaste mindre mat.

Foto: Vidar Langeland

Til dagleg jobbar ho i BiR, og ser kor mykje mat som blir kasta.

– Det er tull at forbrukarane ikkje vil ha skeive gulrøter, det er smaken som tel. No har nesten 10.000 personar skrive under oppropet, seier Havre nøgd.

Målet å få mindre matsvinn i fleire ledd. Det er òg resultatet 11-åringen håpar på.

– Vi bør alle saman vere nøgde med den maten vi får, avsluttar Knut.