Hopp til innhold

Knusktørre somrar i vente: Brannvesen i heile landet må tenke nytt om beredskap

Sommaren blei den mest ekstreme skogbrannperioden nokon sinne i Noreg. – Vi har ikkje tatt innover oss kva klimaendringane krev av brannvesenet, seier forskar.

Brann Lindås

KREVJANDE: Då det brann i Lindås i juli vart mannskap kalla inn frå Bergen. Det svekker igjen beredskapen i byen.

Foto: Geir-Åge Follesø

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Blir det for stort, tømmer vi for mykje av beredskapen i byen, og då må vi kalle inn ekstramannskap for å sikre beredskapen, seier brannsjef i Bergen, Leif Linde.

I sommar har han måtta handtere langt fleire skogbrannar enn han er vand med.

Våren og sommaren 2018 har ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vore den mest krevjande skogbrannsesongen nokon sinne.

På eit tidspunkt brann det 100 ulike stader i Sør-Noreg, og Sivilforsvaret hadde fleire oppdrag i juli enn i løpet av eit vanleg år.

Blir slike tørre og varme somrar vanlegare, må fleire kommunar samarbeide for å få god nok beredskap, meiner Linde.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

BEREDSKAP: Brannsjefen i Bergen, Leif Linde, vil utvide samarbeidet med andre brannvesen i Hordaland for å ha nok folk og utstyr å spele på.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Går ut over beredskapen i byen

Når brannmannskap må sløkke brannar i skog og gras, blir det færre igjen til å passe på byen. Det uroar brannsjefen i Bergen, for også trehusa tørkar inn og tar lettare fyr når det er varmt og tørt lenge.

I Hordaland har brannvesenet i Bergen og 15 andre brannvesen etablert eit samarbeid for å ha nok mannskap og utstyr å spele på. Det er avgjerande for å ha god nok beredskap ved skogbrannar og andre store hendingar, meiner Linde.

– Må vi sende for mykje ut av dei ståande styrkane, må andre kome inn og overta. Held desse somrane fram, må vi må rett og slett tenke slik vi gjer i dag, men større.

Også brannsjefen i Skien, som har stått midt i ein ekstrem skogbrannsommar, meiner samarbeid er viktig.

– Beredskapen vår har stått sin prøve i sommar. Vi har makta å ta unna mange brannar, og berre nokre få har blitt mellomstore, seier Guttorm Liebe.

– Men det er bra om samarbeidet og grensene mellom etatane blir endå meir saumlause.

Vil bli fleire tørre somrar

Sjølv om klimaendringane fyrst og fremst vil gi oss våtare somrar i Noreg, vil det også bli fleire av dei verkeleg tørre og varme, forklarer klimaforskar Helge Drange ved Universitetet i Bergen.

Klimaforskar ved UiB, Helge Drange

TØRKE: Klimaendringane vil gje meir ekstremvêr, med både våtare og tørrare somrar, seier klimaforskar Helge Drange.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Vi veit at gjennomsnittleg temperatur aukar, og det betyr også at varme og tørre somrar vil kome igjen, og dei vil kanskje vare lengre enn vi er vand med. Men kor ofte dei vil kome, er umogleg å sei noko om, seier Drange.

– Men tørkeperiodar vil også kome i framtida, heilt klart. Dette vil slå ut på avlingar, og det vil auke brannfaren.

Han trur ikkje vi har tatt innover oss kva klimaendringane vil krevje av brannberedskapen.

– Det er jo gjerne slik at vi responderer etter noko har skjedd.

Må hjelpe kvarandre

Fleire brannvesen må samarbeide for at beredskapen skal ver god nok når det brenn fleire stader samstundes, meiner Anne Rygh Pedersen, avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

– Vi må ha ein beredskap som kan handtere situasjonar som den vi har sett i sommar. Den var veldig krevjande både for mannskap og ressursar.

Ho seier grunnberedskapen ved brann i Noreg er god, men at tørre somrar krev meir samarbeid over kommunegrensene.

– Ja, det et er heilt naudsynt. Det såg vi i sommar då enkelte ressursar var på grensa til å bli uttømt. Då må ein snakke med naboen og syte for å få på plass gode samarbeid slik at vi kan bevare beredskapen.

Anne Rygh Pedersen

SAMARBEID: Anne R. Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier det er behov for meir regionalt brannsamarbeid.

Foto: Simon Solheim / NRK