Hopp til innhold

Knivstikking ved Finnegans

  • MANNEN SIKTA FOR KNIVSTIKKING VED FINNEGANS VAR PSYKOTISK

    Politiet meiner 34-åringen som knivstakk to menn utanfor puben Finnegans i Bergen sentrum var psykotisk. Det er psykiaterar som har slått fast at mannen var utilrekneleg, og dermed ikkje kan dømmast til fengsel, skriv BT.

  • Sikta sett fri av politiet

    Den eine av dei to mennene som er arresterte og sikta etter knivstikkinga ved Finnegans, er sett fri av politiet. Det fortel sikta sin advokat Kaj Wigum til NRK.– Min klient nektar straffeskuld og seier han har ingen kjennskap til saka. Sjølv om mannen er lauslaten held politiet fast på siktinga om medverknad til vald.

  • Pressekonferanse om knivstikking

    Politiet vil klokka 12 halda ein pressekonferanse om etterforskinga av knivstikkinga som skjedde i Bergen sentrum natt til måndag. Politiet vil førebels ikkje gi fleire detaljar om kva som vil bli sagt under pressekonferansen.

  • Politiet ber om tips etter knivstikkinga

    Politiet jaktar framleis på gjerningsmannen etter knivstikkinga i Bergen sentrum natt til måndag. Det kom fram på ei pressekonferanse på politihuset i Bergen klokka 11. Mannen skal ifølgje vitne vera nordafrikansk. Han hadde på seg eit hovudplagg, kanskje ein sixpence. På ei pressekonferansen måndag føremiddag ba politiet publikum om tips i saka.