NRK Meny
Normal

Knivstakk drosjesjåfør

Natt til fredag stakk ein passasjer drosjesjåføren i foten med ein kniv i Bergen.

Dei to passasjerane i bilen ville ikkje gjera opp for seg, og forsvann ut av bilen.

Då drosjesjåføren fulgte etter dei, skal den eine passasjeren ha trukke fram ein kniv og stukke sjåføren i foten, skriv BT.

På sporet av gjerningsmannen

Dei to passasjerane forsvann etter hendinga, som fann stad i Sælenveien. 

Drosjesjåføren skal ikkje ha blitt alvorleg skadd, og køyrte sjølv til legevakta for å få behandling.

– Sjåføren vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Me har førebels ikkje pågripe gjerningsmannen, men har nokre spor å gå etter, seier politioverbetjent Steinar Myrseth ved Fyllingsdalen politistasjon til BT. 

 

Siste video

NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås