Knivskadd vil ikkje snakke
Seint i går kveld kom ein mann til legevakta på Askøy med knivskadar i overkroppen. Mannen vart frakta vidare til Haukeland sjukehus. Han var ikkje interessert i å forklara kva som hadde skjedd, men etter undersøkingar har politiet arrestert ein mann dei meiner kan stå bak.