Hopp til innhold

Rana bensinstasjon med kniv

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mannen som rana ein bensinstasjonen i Helleveien i Bergen i natt, er framleis ikkje funnen.

Mannen, kledd med hettegenser og mørke briller, skal ha truga til seg pengar med kniv.

– Det er eit grovt ran og mannen forlèt ranet til fots, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Ifylgje politiet kom ingen fysisk til skade i ranet. Hundrepatruljar og politi søkte etter mannen i natt, men fann han ikkje.

– Me har avslutta søket etter gjerningsmannen. Me har ikkje pågripe nokon etter ranet, men fortsetjer etterforskinga vidare, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Konrad Grindeland.