Hopp til innhold

Knarvik til topps i klassequizen

Elevane frå Dale kom best ut frå start, men det var Knarvik ungdomsskule som vann klassequizen.

Etter 16 spørsmål kunne elevane frå Knarvik ungdomsskule sleppa jubelen laus.

KLIKK PÅ BILETE OVER OG HØYR FINALEN!

Med berre ein einaste feil i både dei innleiande rundane og i finalen skal Hans Haaland, Olav Joen Bogetvedt og Bjørnar Sæle representera Hordaland i den nasjonale finalen i Oslo.

Elevane frå Knarvik ungdomsskule måtte finna seg i å ha favorittstempelet før finalen, etter at dei fekk full pott i dei innleiande rundane . Dale-elevane kom til finalen med ti av tolv rette .

SJÅ OG: Dette er finalistane i Klassequizen. Les og sjå video.

Kom skeivt ut frå start

Den eine feilen i den første finalerunden vart den einaste for elevane frå Nordhordland i heile Klassequizen. Det var Høgre-leiar Erna Solberg som spurde deltakarane om kva for to parti på Stortinget som er større enn nettopp Høgre.

Medan Knarvik-elevane svarte Arbeidarpartiet og SV, stakk Dale-elevane ifrå med det riktige svaret Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

Remy Andersen og Fredrik Saroea

Remy Andersen frå Akvariet i Bergen og Fredrik Saroea frå Datarock stilte spørsmål i finalen i Klassequizen. Det gjorde òg Erna Solberg frå Høgre og Brann-spelar Erik Huseklepp.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

– Såg mørkt ut

Vinnarane vedgår at det var nervepirrande å ligga under etter første kategori.

– Det såg mørkt ut, men det gjekk bra. Eg var langt nede etter det tredje spørsmålet på den første kategorien, sa Olav Joen Bogetvedt, like etter at elevane hadde fått gåvesjekken på 5000 kroner av redaksjonssjef i NRK Hordaland Christel Higraff.

– No kjem eg aldri til å gløyma det, sa Bogetvedt.

Vinnerne av Klassequizen for Hordaland

KUNNE JUBLA: Hans Haaland, Olav Joen Bogetvedt og Bjørnar Sæle kunne jubla for sigeren i fylkesfinalen i klassequizen.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

– Sjukt, men herleg

– Det er ganske sjukt, men herleg, seier Hans Haaland, som òg var på vinnarlaget.

Den tredje deltakaren på laget frå Knarvik var Bjørnar Sæle. Dei fekk 15 av 16 poeng i finalen, medan konkurrentane frå Dale fekk 13 av 16 poeng.

– Følgjer ikkje med på Grand Prix

Sindre Petersen, Preben Kleppe Lilletvedt og Olav Bjørnberg

ANDREPLASS: Sindre Petersen, Preben Kleppe Lilletvedt og Olav Bjørnberg frå Dale barne- og ungdomsskule tok andreplassen i spørjekonkurransen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Heilt til den siste runden var finalen heilt jamn. Men dei siste spørsmåla, som vart stilt av Fredrik Saroea frå Datarock skilde rivalane.

– Eg følgjer ikkje så mykje med på melodi grand prix, akkurat, vedgjekk Sindre Petersen etter at slaget var tapt. Han kan saman med Preben Kleppe Lilletvedt og Olav Bjørnberg smykka seg med å ha komme på andreplass i den spørjekonkurransen i Hordaland.

4. mai skal elevane frå Knarvik til Oslo for å konkurrera med dei andre fylkesvinnarane. Landsfinalen vert sendt direkte på NRK1.

RESULTATLISTE INNLEIANDE RUNDE

PLASSERING

SKULE

KOMMUNE

POENG

 

1

Lindås

12

FINALEKLAR

2

Vaksdal

10

FINALEKLAR

 

 

 

 

 

 

Meland

9

 

 

Lindås

9

 

 

Sveio

9

 

 

Bergen

9

 

 

Kvinnherad

9

 

 

Bergen

9

 

 

Bergen

9

 

 

Granvin

8

 

 

Os

8

 

 

Os

8

 

 

Bergen

8

 

 

Meland

7

 

 

Osterøy

7

 

 

Ullensvang

 

 

Kvam

7

 

 

Masfjorden

1

 

Ekspander/minimer faktaboks