Hopp til innhold

Knappetunnelen opnar fredag

- Me kan garantera at frå og med i morgon vil det vera slutt på ettermiddagskøane i området, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Ottar Midtkandal.

Knappetunnelen

Etter to utsetjingar opnar den etterlengta Knappetunnelen fredag ettermiddag.

Foto: Statens Vegvesen

Torsdag var den siste avgjerande brikka på plass for byggjetrinn 1 på Ringveg Vest. Dermed kan den 2,6 kilometer Knappetunnelen frå Dolvik til Sandeide opna, og trafikkantar vil sleppa å stå i kø til og frå Kokstad-Sandsli-området.

- Det er godt å endeleg få opna tunnelen. Eg har sove relativt bra, men nokre vakenetter har det sjølvsagt vorte, seier den blide prosjektleiaren i Statens Vegvesen.

Sikker tunnel

Byggjinga av Knappetunnelen starta 1. august 2006. Opninga skulle i utgangspunktet vera 25. juni i år, men på grunn av for dårlege tunnelveggar vart opninga utsett. Også den planlagde opninga i august måtte utsetjast. Denne gongen vart ikkje tunnelen tryggleiksgodkjent.

- Klokka 12 i dag fekk me endeleg godkjent tryggleiken, så då kan me opna tunnelen, seier Midtkandal.

Ottar Midtkandal

Ottar Midtkandal i Statens Vegvesen.

Foto: NRK

- Med over 100 overvakingskamera er tunnelen no ein av dei sikraste i landet.

Markering fredag

Vegeigar Hordaland Fylkeskommune legg opp til ei lita opningsmarkering fredag ettermiddag. Her vil fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskja dei første bilistane god tur gjennom tunnelen, saman med byrådsleiar Monica Mæland og byråd Lisbeth Iversen.

Det første trinnet av Ringveg Vest som no står klar, går mellom Dolvik og Sandeide. Byggjetrinn 2 skal etter planen starta ved årsskiftet og vil ta for seg strekninga Sandeide - Liavatnet. Tredje og siste byggjetrinn vil verta mellom Flyplassveien - Dolvik.

Knappetunnelen

Med over 100 videoovervåkingskamera vert Knappetunnelen ein av Noregs sikraste tunnelar.

Foto: Statens Vegvesen