Hopp til innhold

Kloakkanlegg vart 1,7 milliardar dyrare

BERGEN (NRK): Dei fire nye kloakkreinseanlegga til Bergen kommune skulle ha stått ferdig i 2012 og ha kosta 465 millionar. I dag er prislappen på 2,2 milliardar, og berre eit av dei fire anlegga står ferdig.

Kloakkanlegg vart dyrare

KJEMPESMELL: Her er anlegget i Ytre Sandviken under bygging i 2013. Seinare skulle det vise seg at dette og tre andre anlegg vart ein kostnadssmell for kommunen.

Foto: Bergen kommune

– I ettertid er det lett å sjå at me undervurderte kostnadsomfanget, seier fagdirektør i Vann- og avløpsetaten Magnar Sekse.

Fredag var han innkalla til finans- og byutviklingskomiteen i Bergen si høyring om tids- og kostnadssprekken på fire reinseanlegg og eit biogassanlegg.

  • I 2006 rekna ein med at byggekostnaden for reinseanlegga var på 465 millionar kroner. I dag reknar ein med at anlegga vil kosta 2,2 milliardar.
  • I utgangspunktet skulle jobben vera ferdig i 2012. Tre år seinare står berre eit av dei fire reinseanlegga ferdig.
  • Eit biogassanlegg som skal handtera slam frå reinseanlegga skulle ha kosta om lag 100 millionar. Nyleg la byrådet fram ei sak på at dei no reknar med at den endelege prislappen på dette anlegget vert på om lag 300 millionar.

– Visste for lite

Sekse seier dei i utgangspunktet hadde for lite kjennskap til innhaldet i byggeprosjekta ein gjekk i gang med. Bakgrunnen for investeringane var at Bergen kommune innan 2008 skulle møta nye krav i forureiningsforskrifta. Denne fristen har seinare vorte utsett.

– Me har heile tida brukt dei beste tala, men har vore for forsiktige med å kommunisera risikoen for at det kunne verta dyrare, vedgjekk fagdirektøren i Vann- og avløpsetaten.

Sekse peikar på fleire grunnar til at kostnadane skaut i vêret.

  • Grunnlaget for kva som skulle til for å møte reinsekravet var ufullstendig og ikkje avklart då vedtaka vart gjort.
  • Anlegga vart meir kompliserte å byggja enn det som var føresett.
  • Planen var å bruka delar av gamle anlegg, noko som viste seg å ikkje vera mogeleg.
  • Full utbygging av Flesland reinseanlegg kom først med seinare i prosjektet.

I tillegg kjem kostnadsauken på biogassanlegget, der det først og fremst vert vist til krevjande fjellsikring, ureina massar i grunnen og arbeid med å fjerna dynamittrestar frå anleggsområdet. Prosjekteringa og bygginga har i tillegg vist seg å vera meir komplisert enn ein først rekna med.

Fagdirektør i Vann- og avløpsetaten Magnaar Sekse

– UNDERVURDERTE KOSTNADANE: Fagdirektør i Vann- og avløpsetaten i Magnar Sekse seier kommunen visste alt for lite om prosjektet då dei opphavlege anslaga vart gjort. Han meiner bystyret burde ha fått meir informasjon om utviklinga i prosjekta.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Inga sløsing

– Det er ikkje brukt meir pengar enn naudsynt og har aldri vore snakk om sløsing. Det er rett og slett slik at dette har vore meir komplisert enn me hadde rekna med, sa Sekse under høyringa.

Han seier òg at VA-etaten aldri har hatt nokon intensjon om å skjula dei reelle kostnadane.

– Er det noko me veit, er det at kostnadane alltid kjem for ein dag, sa fagdirektøren.

Hevdar rapporteringa har vore ok

Sondre Båtstrand, Miljøpartiet Dei Grøne, under høyring i finanskomiteen.

INITIATIVTAKAR: Sondre Båtsrand frå Miljøpartiet dei grøne tok initiativ til høyringa. Han er kritisk til at bystyret i liten grad har fått informasjon om kostnadsutviklinga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Opposisjonen i bystyret er kritiske til at bystyret ikkje i større grad har vorte informert om dei galopperande kostnadane.

– Eg meiner at me har rapportert slik me skal både i budsjett, årsmeldingar og tertialrapportar, sa kommunaldirektør ved Byrådsavdeling for byutvikling, klima og miljø Anne Iren Fagerbakke.

Det var Sondre Båtstrand frå Miljøpartiet Dei Grøne som opphavleg tok initiativ til høyringa. Han meiner det verkar tydeleg at bystyret ikkje har vorte godt nok informerte.

– Slik byrådsavdelinga svarar, så lyser det litt igjennom at informasjonen ikkje har vore god nok, seier Båtstrand.

Han håpar Vann- og avløpsetaten har lært av at det i for liten grad vart tatt høgde for den økonomiske risikoen i prosjektet.

– Dette bør dei ha lært av. Det er svært viktig for innbyggarane i Bergen, som betalar dette gjennom avløpsgebyra, at dette ikkje gjentek seg. VA-etaten skal gjera mange store investeringar i åra som kjem.

Etter at dei fire store reinseanlegga er ferdige, skal kommunen ta fatt på 14 mindre anlegg. I dag reknar ein med at desse anlegga vil kosta om lag 700 millionar kroner. Men anslaga er usikre.

Forstår reaksjonane

Fagdirektøren i Vann- og avløpsetaten forstår at politikarane meiner at dei har fått for lite informasjon.

– Når eg høyrer politikarane i dag, forstår eg at dei gjerne skulle ha vorte meir grundig orientert. Sett i ettertid burde me ha vore meir grundige på å få fram utviklinga i prosjektet, seier Sekse.

Ingen byrådar stiller

Dei ansvarlege byutviklingsbyrådane i den aktuelle perioden, Filip Rygg og Lisbeth Iversen (begge KrF), har begge takka nei til å stilla på høyringa.

Noverande byråd Henning Warloe (Høgre) er tilhøyrar på høyringa, men har ikkje fått innkalling til å svara på spørsmål.