Hopp til innhold

Klipper opp og kastar ubrukte klede

I ein søppelkonteinar fann Tonny Kolås oppklipte klede frå kjeda G-sport. – Dette gjer meg trist og forbanna, seier han.

I ein søppelkonteinar fann Tonny Kolås oppklipte kle frå kjeda G-sport. – Dette gjer meg trist og forbanna, seier han.

SJÅ VIDEO: Tonny Kolås er forbanna over det han fann i ein konteinar utanfor ein av butikkane til G-sport. Her saman med Cathrine Halstensen og Tine Wahlstrøm i Kirkens Bymisjon.

Treningsklede framleis innpakka i plast og ubrukt tøy som er klipt i stykke. Det var noko av det Tonny Kolås fann i ein konteinar rett bak ein G-sport-butikk.

– Eg har funne mykje rart i konteinarar opp gjennom åra. Men eitt stad meiner eg grensa går, og det er når ein øydelegg ting for at ingen andre skal kunne nytte seg av det, seier Tonny Kolås.

Det var BA som fyrst omtalte saka.

Han driv sjølv ein butikk med fokus på gjenbruk og av syklar, klede og treningstøy. Å leite i konteinarar etter ting som kan brukast om att er daglegdags for han. Det er ikkje funna han gjorde bak G-Sport i Laguneparken i Bergen.

For å beskytte merkevara skal ikkje dette ut blant forbrukarane.

Bror Stende, Virke

Fleire av kleda var øydelagt, tydeleg med formål om at ikkje andre skulle kunne bruke dei. Andre hadde mindre feil. Kolås fekk med seg ein liten del av mengdene som låg i konteinaren.

– Dette er nye og fine ting som svært mange born og menneske andre stadar i verda ville vore veldig glade for å få. Dette er ille. Det gjer meg trist og forbanna, seier Kolås til NRK.

LES OGSÅ: Produserer mat nok til 12 milliarder mennesker – minst en tredel kastes

G-sport

ØYDELAGT: Kleda er klipt opp under armane og mellom beina, slik at dei ikkje skal kunne nyttast av andre.

Foto: Jarl Omestad / NRK

– Kan øydeleggje for merkevara

Direktør i bransjeorganisasjonen Virke, Bror Stende, seier mange butikkar gjev varer dei ikkje kan selje til andre eller til marknad i andre land.

– Men så er det slik at det er enkelte ting me ikkje ønskjer å ha ute. Kleda kan vere feilproduserte eller det kan vere andre grunnar til at ein ønskjer plagget ut av produksjon.

Er det ei feilvare må den destruerast elles øydelegg det for merkevara, seier Stende.

Bror W. Stende

SKADAR MERKEVARA: – Ei feilvare må destruerast, elles øydelegg det for merkevara, seier direktør for mote og fritid i bransjeorganisasjonen Virke, Bror Stende.

Foto: Iram Ansari / NRK

– For å beskytte merkevara skal ikkje dette ut blant forbrukarane. Viss eit plagg ikkje står til dei eigenskapane merkevara skal ha, kan det ikkje gå til gjenbruk. Det blir feil.

Stende understrekar at han ikkje kjenner til kva som har skjedd i dette tilfelle, men seier ei årsak til at ein butikk klipper opp klede, er at dei ikkje skal kunne plukkast opp og seljast vidare.

– Når ting kastast i ein offentleg open konteinar, må ein sørge for at ting ikkje blir selde på det uautoriserte marknaden.

– Forstår du at dette kan verke provoserande?

– Ja, eg kan forstå at det. Men det meste av det butikkane ikkje kan selje blir gitt bort eller sendt til andre marknad. I dette tilfelle må det ha vore vesentlege manglar ved plagget, som gje at det har blitt klipt opp og kasta.

LES OGSÅ: Tror kundene har blitt mer opptatt av etisk handel

Få varer dei ikkje kan selje

I konteinaren fann Kolsås plagg merka med logoen til idrettslaget Gneist, men også kle utan dette merket som var klipt opp.

Salsdirektør for G-sport i Gresvig, Svein Faksvåg, seier dei etter avtale med Gneist ikkje kan selje vidare eller gje bort desse produkta.

Tonny Kolås

SJOKKERTE: Frå venstre Tonny Kolås, Cathrine Halstensen og Tine Wahlstrøm i Kirkens Bymisjon. Dei er alle tre uforståande til G-sport sin strategi.

Foto: Jarl Omestad / NRK

– Avtalen med klubben blei avslutta for fire år sidan. Me har forsøkt å gje bort produkta til klubben, men det har ikkje vore ønskeleg frå deira side.

– Kvifor blei kleda utan Gneist merke klipt opp og kasta?

– Me kjenner ikkje årsaka til at andre produkt har blitt kasta, eller omfanget av det. Men det kan skuldast at det har vore ei brukt vare eller ei feilvare som ikkje er vurdert som mogleg å vinne att, seier Faksvåg.

– Forstår de at Kolås vert provosert over å finne desse kleda?

– I utgangspunktet skal ordningane våre sikre at alt som kan brukast blir nytta, gjerne til ideelle formål. Me har med andre ord same mål som Kolås, men i denne saka meiner me at det er rasjonelle og forretningsmessige grunnar som gjer at dette blir eit unnatak.

LES OGSÅ: Bedrifter slurver med kildesortering

Vil gje kleda vidare

Arild Robinson

BRUKAR OM IGJEN: Arild Robinson i Kirkens Bymisjon får no nytte av kleda.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Gjenvinnings-entusiast Tonny Kolås har tenkt å gjere sitt for at kleda han fann får nye eigarar.

– Vi har tenkt å gi dette vidare til Kirkens Bymisjon. Dei har eit godt apparat for å dele slikt ut til dei som treng det, seier Kolås.

No vert kleda som G-sport hadde tenkt å kaste i staden brukt av folk som treng det i Bergen.

– Det tøyet tar vi med oss til eit tiltak retta mot rusavhengige i byen vår. Dei treng gode klede, og dette må vere midt i blinken. Det at plagg blir øydelagt på denne måten er trist, seier Tine Wahlstrøm i Kirkens Bymisjon i Bergen.