NRK Meny
Normal

– Eg greidde ikkje å stå på beina

Klink is på vegane førte til mange trafikkuhell i Hordaland i morgontimane.

Utforkøyring på Askøy

STOPPA MOT REKKVERKET: Denne traileren stoppa mot rekkverket etter ei utforkøyring på Åsebø på Askøy.

Foto: Roald Håpoldøy

– Det var klink is på vegen. Eg greidde ikkje å stå på beina då eg gjekk ut av bilen, seier Roald Håpoldøy frå Askøy.

– Var heldig

Han var på veg til jobb då han møtte ein av dei mange som enda opp i grøftekanten. Ein trailer hadde sklidd utfor vegen ved Åsebø på det speilglatte føret.

– Han var heldig og stoppa mot rekkverket. Like bortanfor er det ikkje rekkverk. Då hadde han hamna nedover ei skråning, seier Håpoldøy.

Han er også glad for at traileren ikkje kolliderte med nokon.

Regn vaska vekk saltet

Statens vegvesen stadfestar at det har vore svært glatt. Grunnen er at regn har vaska vekk saltet som blei strødd tidlegare i dag.

– Strøbilane må ut ein runde til. Bilistane må køyra veldig forsiktig, seier trafikkoperatør Svein Ivar Ellefsen på Vegtrafikksentralen i Hordaland.

I løpet av nokre få timar kom det inn mange meldingar om trafikkuhell i store delar av fylket. Det var kollisjonar eller utforkøyringar både i Bergen, Masfjorden, Sveio og på Askøy.

Både Hordaland politidistrikt, 110-sentralen i Hordaland og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt varsla om farlege køyreforhold på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold

Siste video

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag etter at klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar.
Programleiar:
Programleiar: Marte Rommetveit