Hopp til innhold

100 millionar til klimaforsking i Bergen

Forskingsrådet delte torsdag ut 160 millionar kroner til klimaforsking. Ni av dei tretten prosjekta som har fått midlar, er leia av forskarar ved Bjerknessenteret i Bergen.

Vervarslinga for Vestlandet

KLIMAMILLIONAR: Då Forskingsrådet delte ut 160 millionar kroner torsdag, gjekk to tredjedelar av midlane til klimaprosjekt leia av forskarar i Bergen.

Foto: Meteorologisk institutt

Eystein Jansen

NØGD: - Dette betyr veldig mykje for oss, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Dette betyr veldig mykje for oss. Dette syner at vi har dei beste ideane, dei beste folka og dei mest spanande prosjekta, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret for klimaforsking i ei pressemelding.

Han anslår at rundt to tredjedelar av dei 160 millionar går til prosjekt som vert leia av forskarar på Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen.

– Halvparten av finansieringa til senteret vårt kjem frå slike prosjekt. Mange av våre prosjekt går ut i år, så det var veldig viktig å få nye inn, fortel Jansen til NRK.

Auka kunnskapen

– Kva kan midlane bidra til?

– Det er først og fremst for å auke kunnskapen om klimaforandringane. Både dei som menneska har skulda for, og dei som skjer naturlege og korleis dette spelar saman. For vanlege folk så er det vel at vi gjennom slike prosjekt kan forbetre varslane vi kan gi om framtida.

Midlane betyr også at senteret kan rekruttera nye og unge forskarar inn i miljøet deira.

I nokre av prosjekta samarbeider senteret med partnarane Nansensenteret og Havforskingsinstituttet. Jansen fortel at mykje av forskinga framover vil dreia seg om marin forsking.

– Det befestar Bergen sin posisjon som marin hovudstad, meiner han.

Forskar på havet

Det største prosjektet er ei vidareutvikling av arbeidet med den nasjonale klimamodellen, eit prosjekt som åleine er verd 50 millionar kroner.

– Det er eit nasjonalt prosjekt som vert leia frå Bjerknessenteret. Ellers vil det vera mykje fokus på å forstå klimaendringar i havet og endringar i isen i Arktis, forklarar Jansen og legg til at det store spørsmålet er korleis havet påverkar klimaforandringane.

– Gjennom forskinga vi no skal utføra vil vi få meir kunnskap om korleis havet verkar, avsluttar Jansen.

Det vart sendt inn 49 søknadar til Forskingsrådet, 15 av dei kom frå forskarmiljøet i Bergen.