NRK Meny
Normal

Klesgigant spyttar millionar inn i småkraftverk

Kleskjeda Hennes & Mauritz gir ein grunneigar i Hardanger tre millionar kroner slik at han kan bygga seg eit småkraftverk.

Kleskjeda Hennes & Mauritz gir ein grunneigar i Hardanger tre millionar kroner slik at han kan bygga seg eit småkraftverk.

Grunneigar Oddbjørn Kroka syner fram kor han skal bygga kraftverket sitt, etter at han har fått midlar frå uventa hald.

– Det er jo heilt fantastisk, seier ein glad Oddbjørn Kroka.

Den svenske klesgiganten Hennes & Mauritz vil vera med å sikre utbygginga av det planlagde småkraftverket hans på garden i Mauranger i Kvinnherad. Dei spyttar inn tre millionar kroner.

– Det er det som skal til for å få dette kraftverket i gang. No handlar eg ikkje så mykje på H&M men kanskje kona handlar noko meir der no framover, ler bonden.

Fleire hundre utan finansiering

Heilt sidan han bygde det første kraftverket på garden i Mauranger, har han planlagd eitt til lenger oppi elva. Men planane stoppa.

– Finanskrisa, litt meir forsiktige bankar og så vidare, forklarer han.

Det hjelpte heller ikkje på at kraftprisen gjekk nedover. Dermed blei «Kroka 2» ståande på ei lista saman med 400 andre småkraftprosjekt i Noreg. Prosjekt som har fått løyve til å bygga, men som står utan finansiering.

Fornybar energi

Hennes og Mauritz

KLESGIGANT: Frå ein av butikkane til svenske Hennes & Mauritz. No byggjer dei også småkraftverk.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Heilt til selskapet ECOHZ – som sel bidrag til bygging av fornybar energi – fekk napp hjå ein klesgigant.

Administrerande direktør Tom Lindberg i ECOHZ fortel at Hennes & Mauritz ønskjer å bidra til at meir fornybar straum blir produsert.

I Småkraftforeningen er dei naturleg nok nøgde med at finansiering dukkar opp frå fleire, og kanskje uventa, plassar. Knut Olav Tveit trur avtalen grunneigaren i Kvinnherad har sikra seg, kan føre til at fleire småkraftverk blir realisert.

– Vi er veldig positive til dette. Det står mange grunneigarar rundt omkring i Noreg som har lyst til å bygge.

Skeptisk omdømmeekspert

Høgskulelektor Dag Inge Fjeld ved Markedshøyskolen ser H&M sitt innsteg i småkraftverket i samanheng med andre kampanjar som kleskjeda har sett i gang.

– På nettbutikkane og i butikkane ber dei folk kome tilbake med gamle klede til dømes, seier Fjeld til NRK.

Den svenske kleskjeda har tidlegare fått kritikk for at tekstilarbeidarar i mellom anna Kambodsja får svært dårleg betalt for produkta som blir levert.

– Nokon vil nok meine at det er bra H & M set fokus på gjenbruk og fornybar energi. Men eg har vanskeleg for å sjå at sponsing av småkraftverk skal bidra til å betra omdømmet til Hennes & Mauritz.

Siste video

Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.
Programleder: Mariann Reikerås