Hopp til innhold

Jubeldag for dobbeltløp på Eikås

I staden for å søkje EU om dispensasjon til å byggje berre eitt tunelløp – blir det dobbelt Eikåstunnel med det same!

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa forstår godt utålmodigheten til folk i Åsane.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Fredag stadfesta samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa at arbeidet skal ta til neste år.

Jubel i Nordhordland

Tunnelaksjonistene jublar for at Eikåstunnelen på E39 i Åsane i Bergen skal byggjast med dobbeltløp. Tunnelen vil gå mellom Vågsbotn og Eikås.

Vegdirektoratet stoppa prosjektet fordi tunnelen ikkje var planlagt som to separate tunnelløp, noko som er i strid med EU-reglar.

Eva Bolstad i aksjonskommiteen for Eikåstunnelen er gledeleg overraska.

– Eg er veldig glad for at ho har handla så raskt, sier ho til NRK.

– Og vi er litt overrasket over at det gjekk så pass fort også.

– No får vi håpe at dei kjem raskt i gang. Dette betyr veldig mykje. Vi får jo en sikker vei rundt Vikaleitet no.

– Og vi får jo håpe at ulykkestala går ned.

LES OGSÅ: To skadd i trafikkulykke

Oppstart i 2011

– Vi legg opp til at det blir oppstart på dette viktige trafikksikkerhetspriosjektet neste år, seier samferdselsministeren til NRK.

Ho vedgår at det er kravet frå EU som har pressa fram løysinga.

– I staden for å gå rundt dette med å søkje dispensasjonm har vi komme til at det blir raskast å gå i gang å bygge to løp med det same, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

– Det betyr ein reguleringsplan som Statens veivesen og Bergen kommune no samarbeider om, som skal ut på høyring no i månadsskiftet mai-juni.

Ikkje sikkert det blir dyrare

– Kven betalar ekstrakostnaden med å lage to løp?

– Nå må vi først komme tilbake til kor store ekstrakostnader det blir. Og så får vi sjå på korleis det skal løysast. Per i dag ser det ikkje ut som om kostnadene blir så store.

– Kor vanskelig har denne saka vore.

– Det er ei krevende sak.

– Lokalbefolkning har vore svært opptatte av å få sikre dette området bedre. Det skjønner eg godt. Eg var sjølv på befaring i april. Dei har blitt utsatt for den ene utsettelsen etter den andre av dette prosjektet.

Til Stortinget i haust

– Eg forstår godt utålmodigheten. Og eg meiner vi må nå stille opp for å få denne tunnelen på plass, seier Kleppa.

– Dersom det skulle bli ekstrakostnadar, tar departementet desse?

– No skal vi først sjå kva det kan bli snakk om i kostnadar. Så må vi leggje ein finansieringsplan, sier ho.

Kleppa ser for seg at saka skal opp i Stortinget i løpet av hausten.

– Slik at alle veit kva vi har å forholde oss til i budsjettet for 2011.

Ulykke Vikaleitet

E-39 mellom Vågsbotn er sterkt trafikkert og svært ulykkesbelasta. Dette håper bebuarar i området skal bli betre.

Foto: Leserbilde