Hopp til innhold

Klatrar fall seks meter i Masfjorden

32 år gamal mann sendt til Haukeland med luftambulanse etter klatreulukke.

klatreulukke masfjorden

Det er brannvesenet som melder på Twitter at dei har rykka ut til ei klatreulukke i Masfjorden i Hordaland.

– Ein klatrar skal ha falle ned seks meter. Ambulanse og brannkorps er på veg, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor i politiet.

NRK får opplyst av 110-sentralen Hordaland at personen er bevisst. Brannvesenet er på plass for å hjelpe helse med å frakte klatraren ned og i tryggleik.

Sendt med luftambulanse

Meldinga har kome inn til naudetatane klokka 19.54 i kveld.

Det skal vera eit klatrelag som er tre kilometer inn i Stordalen ved Matre. Klatringa skal ha gått føre seg på Kyrkjesteinen ved Matreelva.

Klatraren vart sendt til Haukeland sjukehus i luftambulanse.

Klokka 23.00 melder Helse Bergen at den 32 år gamle mannen er lagt inn på Haukeland med lettare skader.