Hopp til innhold

Politiet: – Har ikkje funne prov på valdtekt

Etter dagens etterforsking av ein mogleg valdtekt i Bergen, har politiet ikkje funne ut at noko kriminelt har skjedd. – Men det kan fort snu, seier politijurist Janne R. Heltne.

Eterforsking voldtekt klatreparken høyt og lavt

UNDERSØKINGAR: Etterforskarar frå politiet i Bergen har i dag saumfart staden der det er mogleg at ein valdtekt fann stad natt til søndag.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Det er gjort undersøkingar i saka. Vi er ikkje der at vi har skjellig grunn til mistanke om at noko straffbart har skjedd. Men det kan fort snu, seier jourhavande politijurist, Janne R. Heltne til NRK søndag ettermiddag.

Heltne fortel også at ingen personar førebels er sikta i saka som blir etterforska vidare.

Etterforsking voldtekt klatreparken høyt og lavt
Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Klatreparken Høyt & Lavt i Bergen opna laurdag. Søndag morgon blei den stengt av politiet etter mistanke om valdtekt på området.

– Sikrar tekniske spor

Den nyopna klatreparken på Kirkebirkeland i Bergen blei stengt av politiet fordi dei skulle sikre prov i samband med saka. Ei kvinne kom på legevakta klokka 03.00 i natt og fortalde at ho hadde blitt valdteken, skriv BT.

Politiet blei varsla klokka sju søndag morgon

– Vi kan stadfeste at parken er stengt på grunn av mistanke om valdtekt. No er det etterforsking på staden. Vi sikrar både tekniske spor og prøver å få gjort avhøyr av relevante personar, fortalde operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen søndag føremiddag.

Voldtekt klatreparken høyt og lavt
Foto: Ingrid Berge Fossåskaret / NRK

Laurdag kveld var det eit arrangement i parken i samband med opninga, men politiet kan førebels ikkje stadfeste at overgrepet har tilknyting til dette.

– Valdtekta skal ha skjedd på området til parken, men ikkje i sjølve bygget, seier Kronen til TV2.

– Vi er i ein innleiande fase

Det er uvisst kor lang tid etterforskinga vil ta, og når parken eventuelt får lov å opne igjen.

– Vi har gått over i etterforsking. Vi ønskjer ikkje å gi nokre opplysningar i saka endå, sidan vi er i ein heilt innleiande fase og må få arbeide i fred, sa jourhavande jurist i Hordaland politidistrikt, Sylvia Myklebust, søndag føremiddag.

Etterforskning voldtekt klatreparken høyt og lavt
Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK
– Tragisk

Konstituert dagleg leiar ved Bergen Høyt & Lavt, Kristian Hansejordet, skulle ha opna parken i dag.

– Dette er svært tragisk. Det har skjedd i etterkant av eit privat arrangement, og har ikkje noko med sjølve klatreparken å gjere, fortel Hansejordet.

Dei har førebels ikkje fått nokon vidare informasjon om kva som skjer vidare. Parken kjem ikkje til å opne i dag.

– Vi fekk beskjed frå politiet om at det har skjedd ei hending og at vi måtte halde stengt, fortel han til NRK.