Klatrar høgt for å halde banen trygg: – Ein risikabel jobb

VOSS (NRK): Berre i fjor blei det brukt 72 millionar kroner på rydding langs norske jernbanar. Akrobatiske ferdigheiter må til for å sikre Bergensbanen mot ras.

Ein av dei tøffaste og brattaste strekningane på Bergensbanen blir no rydda for skog. Tre langs jernbanen kan nemleg falle ned på sporet og utløyse ras.

VIDEO: Slik ser det ut når ein av dei tøffaste og brattaste strekningane på Bergensbanen blir rydda.

– Det er fantastisk. Det er ei vakker utsikt og vakkert landskap å sjå på, seier Fergal Matthews.

37-åringen heng i eit tre. Vi er ved Rastalia, aust for Voss, fleire titals meter over Bergensbanen.

Her er erfarne treklatrarar leigd inn for å utføre den utfordrande jobben med å fjerne skog over ei av verdas mest berømte jernbanestrekningar.

Matthews har gått frå ei karriere som trommeslagar i det irske bandet JJ72 til linjerydding i norsk natur.

Dette er ein veldig vanskeleg plass. Det er så bratt.

Trine Helle Simmenes, geolog i Bane nor

Medan jernbanen ligg langt under han i fjellsida, hoppar han frå tre til tre for å kutte vekk vekstar som på sikt kan bli ein trussel for toga som passerer der.

Jobben han gjer er viktig for å halde Bergensbanen open, og linja fri for ras og skred.

– Det kan vere litt skummelt til tider, men vi gjer dette for tryggleiken til passasjerane på jernbanen, seier iren.

Trefelling på toppen

HØGT: Det er ein utfordrande jobb i høgda for Fergal Matthews.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kosta 72 millionar i fjor

Trerøter som borar seg ned i sprekkar i fjellet er ein av dei mest vanlege grunnane til at det blir utløyst steinras over jernbana. Dessutan kan trea i seg sjølv utgjere ein trussel.

– Noko av det viktigaste med skogrydding er å hindre at vind og snø fører til trenedfall på spor og leidningar. I tillegg gir ryddinga betre sikt for lokførarane til signal, skilt og planovergangar, seier medievakt Linda-Theres Trondsen i Bane nor.

Kvart år brukar dei store summar på skogrydding og andre vegetasjonstiltak, som rydding av ettervekst. Frå 2015 til 2016 auka forbruket med 32 prosent, eller vel 17 millionar, syner tala NRK har fått av Bane nor:

  • 2014: 61,3 millionar.
  • 2015: 54,7 millionar.
  • 2016: 72,1 millionar.

Trondsen seier eit anna moment med ryddinga, er at den betrar reiseopplevinga for passasjerane.

– Ein risikabel jobb

Trine Helle Simmenes

VIKTIG: Geolog Trine Helle Simmenes i Bane nor følgjer med på arbeidet frå bakken.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Rastalia i Voss er ein av dei tøffaste og brattaste strekningane på Bergensbanen.

– Dette er ein veldig vanskeleg plass. Det er så bratt. Han som står i toppen av trea har ein risikabel jobb, seier geolog Trine Helle Simmenes i Bane nor.

Ikkje berre må ein passa seg for høgda, også togtidene må ein ha kontroll på, slik at toga kan passera trygt forbi.

Kvar time må arbeidet brytast av fleire gonger, medan gods og passasjerar dundrar forbi under dei.

– Vi må heile tida passe på at ikkje noko kjem nær og at ingen blir skadde, seier Matthews.

Når svingen i Rastalia er ferdig rydda, er strekninga blitt mykje tryggare. Då skal Bane nor halde fram arbeidet på Flåmsbana.

Trefelling ved Bergensbanen

TREFELLING: Like ved Bergensbanen blir skog fjerna.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK