Me møter Krister Hoaas utanfor kontoret hans i Solheimsviken i Bergen. I dag har han ei leiande stilling i Lerøy Seafood, i ei av dei største næringane i landet.
50-åringen vaks opp på Fjøsanger i Bergen, med aleinemor og to sysken.
– Eg vaks opp i ein heim som var rik på kultur, litteratur og samfunnsengasjement. Det trur eg var med å bygga ei interesse for samfunnet.
Vestlandet er den staden i landet med best sosial mobilitet, ifølgje nye tal frå boka Det trengs en landsby av Sigrun Aasland.
Derfor burde neste generasjon ha gode føresetnadar, men Aasland trur det kan bli vanskelegare å ta den sosiale reisa som Hoaas har teke.
Fattigdom går i arv
Aasland skriv at kva løn du får som vaksen, og kva utdanning du tek, avheng i dag i større grad av kven foreldra dine er.
– Me kan ikkje gjera noko med kven foreldra dine er, men politikken kan påverka kor mykje det skal bety for framtida di.
Aasland er økonom og fagsjef i tankesmia Agenda. Ho peiker blant anna på bustadpolitikk som eit mogleg verktøy for å endra forholda.
– Auka bustadprisar fører til nabolag der mange ikkje har råd til å bu. Det skapar ei segregering mellom dei som har mest og dei som har minst.
Dei siste 40 åra har mange i Noreg fått det betre, men samstundes har forskjellane auka.
I 1997 var gjennomsnittsløna til dei ti rikaste prosentane i Noreg 2,8 gonger høgare enn løna til dei ti fattigaste prosentane. I 2017 var den 3,8 gongar høgare.
Viktig med godt nettverk
Krister Hoaas trur nettverket rundt han og familien var viktig i barndomen. Mor hans var gymlærar og fekk ei alvorleg kneskade. Då stilte naboane opp.
– Når mor mi var vekke på grunn av sjukdom eller operasjonar så kunne me bu hjå klassekameratar, gjerne i fleire veker. Folk stilte opp rundt oss.
I etasjen over budde tanta og onkelen, som kunne passa på dei i kvardagen og hjelpa dei med lekser.
Aasland seier at mange arenaer og fellesskap som har vore med på å utjamna ulikskap er i ferd med å forsvinna.
– Skilnadane aukar på skulen, på fotballbanen og i organisert fritid. Fritidsaktivitetar er blitt dyrare, tek meir ressursar og krev meir oppfølging.
Vestlandet best nasjonalt
Aasland har samla inn tal frå kommunar i heile landet. Samla sett har Vestlandet best sosial mobilitet, men variasjonane er store frå kommune til kommune.
I arbeidet med boka har ho målt moglegheita for å hamna i alle fem inntektsgrupper på kommunenivå. Eit tal på 20 prosent syner full sosial mobilitet. Det vil seia at ein har lika stor sjanse til å hamna i alle inntektsgruppene.
Bergen gjer det best blant dei store byane med 12 prosent, men du skal berre litt sør til Fitjar eller Bømlo før talet stig drastisk. Dei har høvesvis 23 og 27 prosent.
Trondheim, Tromsø og Oslo har 10 prosent. Stavanger har 15 prosent, medan nabokommunen Sola har 21,5 prosent.
– Mange kommunar på Vestlandet har hatt ein enorm vekst i godt betalte arbeidsplassar på tvers av utdanningsgrupper, mykje knytt til olje og gass.
Aasland trur mindre sosiale skilnader også før petroleumsnæringa har spelt ein viktig rolle.
Sjå tabell nedst i saka for tal for dei 50 største kommunane i landet.
– Eit mål å få born ut av fattigdom
Statssekretær Jorunn Hallaråker (KrF) i Barne- og familiedepartementet seier det er eit mål for regjeringa å få born ut av fattigdom.
– Regjeringa skal legga fram ein samarbeidsstrategi som skal fremma deltaking og styrka moglegheitene til born i vedvarande låginntekt.
Arbeidet er eit samarbeid mellom fleire departement.
– Det viktigaste er at me får folk i arbeid, det er den viktigaste faktoren for å løyse denne utfordringa.
Hallaråker fortel også om ei prøveordning med eit fritidskort, som skal gjera fritidsaktivitetar meir tilgjengelege for dei med dårleg råd.
Rammar fellesskapet
Sigrun Aasland seier det ikkje er eit poeng i seg sjølv at alle skal bli rike, men at alle skal ha like moglegheiter.
– Me innbiller oss at alle har like moglegheiter, at det berre er å jobba hardt og stå på.
Ho meiner at økonomisk ulikskap rammar fellesskapet. Dei som veks opp i fattige familiar kan hamna utanfor arbeidsmarknaden, noko som blir dyrt for velferdsstaten på lang sikt.
For Krister Hoaas har nettopp velferdsstaten vore viktig for hans klassereise.
– Nettverk er viktig, familie er viktig, eigeninnsats er viktig, men i tillegg treng ein eit system som gir folk lik moglegheit. Det har vore viktig for meg.
Tabellen under syner kor truleg det er å hamna i øvste inntektsgruppa, dersom foreldra dine var i nedste. Eit tal på 20 syner full sosial mobilitet. Det vil sei at ein har lika stor sjanse til å hamna i alle inntektsgruppene.