Hopp til innhold

Klart for siste sykkeletappe i Hordaland

I dag går tredje etappe av sykkelrittet Tour des Fjords – løypa er til saman 166 km og går frå Stord til Sauda.

Rullestadjuvet

I FARTA: Torsdag gjekk andre etappe frå Jondal til Haugesund. Her er syklistane på veg ned Rullestadjuvet.

Foto: Szymon Gruchalski / Tour des Fjords

Fredag 28. mai vert tredje etappe i sykkelrittet Tour des Fjords arrangert med start i Leirvik og målgang i Sauda. Etappen er på til saman 166 kilometer.

Etappen startar i Leirvik sentrum klokka 13.45, så vil ryttarane sykla gjennom Bømlafjordtunnelen som er 264 meter under havet. Dette er det djupaste eit UCI-ritt har køyrd.

Løypa tar så vegen via Sveio til Haugesund, før dei syklar gjennom Skjoldastraumen, Vats, Sandeid, Vikedal, Ropeid, og det drar seg til i avslutning i Sauda.

Ein må forventa avgrensa framkomst på start staden i Leirvik i tidsrommet rittet startar. Tilsvarande vil det bli avgrensa framkomst i Sauda sentrum i tidsrommet rittet kjem til mål. Vegane vil bli stengde i det tidsrommet sykkelrittet passerer.

Kart etappe 3

DAGENS RUTA: I dag går sykkelrittet Tour des Fjords frå Stord til Sauda.

Foto: Tour des Fjords

Kristoff ustoppeleg

I går var Alexander Kristoff nok ein gong ustoppeleg i spurten etter 205 kilometer i surt og kaldt vestlandsvær. I går gjekk sykkelrittet frå Jondal til Haugesund.

Kristoff leder med 14 sekund føre Stuyven, medan Marco Haller er nummer tre. Boasson Hagen er nest best av dei norske på 8.-plass samanlagt og har 20 sekund opp til leiaren.

Tour des Fjords vert avslutta i Stavanger søndag.

Cirka tidsrom rittet vil passera dei enkelte strekningane:

Strekning dag 3

Strekning

Fra

Til

Leirvik torg - Heiane

13:50

14:00

Heiane - Bømlafjordtunnelen N

14:00

14:05

Bømlafjordtunnelen

14:05

14:20

Bømlafjordtunnelen S - Haukås

14:20

14:45

Haukås - Haugesund Sentrum

14:40

15:35

Haugesund S - Aksdal - Grinde

15:15

15:40

Grinde - Skjolastraumen - Vats

15:25

16:20

Vats - Vikedal

16:00

16:50

Vikedal - Ropeid

16:30

17:25

Ropeid - Sauda

17:00

18:05

Ekspander/minimer faktaboks