NRK Meny
Normal

Klart for andre dag i Tour des Fjords

I dag går andre etappe av sykkelrittet Tour des Fjords – frå Jondal til Haugesund.

Tørvikbygd -

PÅ VEG TIL JONDAL: Syklistane var tidlegare i dag på veg over med ferja frå Tørvikbygd til Jondal – der rittet skal starte.

Foto: Inge Lægreid

Torsdag 28. mai vert andre etappe i sykkelrittet Tour des Fjords arrangert med start i Jondal og målgang i Haugesund.

Etappen startar i Jondal med start klokka 12.25. Går via Utne og vidare til Odda. Derfrå til Skare og vidare gjennom Rullestadjuvet før den fortsette langs E-134 ut Åkrafjorden. Frå Åkrafjordtunet følgast gamlevegen til Kyrping.

Vidare går løypa langs E-134 gjennom Etne og Ølensvåg fram til Knapphus. Ved Knapphus svingar løypa igjen av E-134 og går via Vats og Skjoldastraumen til Aksdal, og følgjer deretter E-134 til Rossabø. Herifrå køyrer dei Salhusvegen inn til målgang på Rådhusplassen i Haugesund.

Vegane vil bli stengt i det tidsrommet sykkelrittet passerer.

Storfavoritt Alexander Kristoff levde opp til forventningane og vann fyrste etappe i går. Marco Haller og Daryl Impey tok dei to neste plassane.

Tour des Fjords’ fyrste etappe starta på Bryggen i Bergen i går og heldt fram 174 kilometer til Norheimsund. Rittet vert avslutta i Stavanger søndag.

kart

RUTA: Dette er dagens rute.

Foto: Tour des Fjords

Cirka tidsrom rittet vil passera dei enkelte strekningane:

Strekning dag 2

STREKNING

FRA

TIL

Jondal - Herand

12:25

12:55

Herand - Utne

12:55

13:20

Utne - Odda

13:20

14:30

Odda - Skare (E134)

14:30

14:57

Skare - Rullestadjuvet (E134)

14:40

15:10

Rullestadjuvet - Fjæra

14:50

15:20

Fjæra - Åkrafjorden

15:00

15:40

Åkrafjorden - Kyrping

15:20

16:00

Kyrping - Etne

15:35

16:20

Etne - Ølensvåg

15:55

16:45

Ølensvåg - Knapphus

16:20

17:00

Knapphus - Vats (rv46) - Skjoldastraumen (fv573)

16:30

17:30

Skjoldastraumen - Aksdal (fv738)

16:55

17:50

Aksdal (E134) - Salhusvegen (fv923) - Haugesund

17:10

18:10

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy