NRK Meny
Normal

Kva skal Bryggen og Fisketorget brukast til?

Turistane elskar Fisketorget og Bryggen, men stadig fleire bergensarar gir blaffen. – Skal desse områda vere for alle, eller berre turistane? spør NRKs Oddgeir Øystese. Sjå debatten direkte her frå kl. 18.45.

Direktesendt debatt fra Litteraturhuset i Bergen.

Sjå debatten direkte her frå kl. 18.45.

Oddgeir Øystese

TAR DEBATTEN: NRK reporter, Oddgeir Øystese, er klar som ordstyrar under Bergensdebatten i kveld.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

I kveld vert bergensarane for aller fyrste gong invitert til Bergensdebatten for å diskutera kven Fisketorget og Bryggen er for.

Bergensdebatten er ein ny debattserie om byutvikling i Bergensregionen, i regi av NRK Hordaland, BT allmenningen og Norsk Design- og Arkitektursenter.

– Dette er ein viktig debatt om dei største og viktigaste sakene i Bergen i sumar. Fisketorget har blitt kalla ei skam, medan Bryggen har vore den store politiske saka om kor Bybanen skal gå. Skal området vera eit levande byrom for alle, eller berre for turistane? Det ønskjer eg å skapa ein debatt om, seier ordstyrar under debatten og NRK reporter Oddgeir Øystese.

Om sumaren kryr det av turistar på Fisketorget og på Bryggen i Bergen, men kva skjer når hausten kjem og turistane drar? I kveld vert bergensarane for aller fyrste gong invitert til Bergensdebatten for å diskutera framtida til området og kven området eigentleg er for.

BERGENSDEBATT I KVELD: Fyrste direktesende debatt er i kveld på Litteraturhuset og handlar om kva som vil skje i området rundt Vågen frå Fisketorget til Bryggen. Foto: NTB scanpix, Video: Foto/redigering Kjell Jøran Hansen og reporter Mette Anthun.

Kva skjer med Vågen?

Skutane har forlate Vågen, turistane er i ferd med å eta sin siste reketallerken på Fisketorget og krutrøyken har knapt lagt seg etter vårens bybanebatalje. Men kva no? Kven har ansvar for at Bryggen og området langs Vågen vert heldt ved like og i bruk året gjennom?

I kommunen sin nye sentrumsplan er tanken mange, men svara få. Er det mogleg å oppnå fagre visjonar om byliv i sentrum, eller bur det rett og slett for få bergensarar i dette området til at eit pulserande byliv også utanom turistsesongen og årets soldagar er mogleg?

Torget før og no

I dag er det fiskehandlarar frå heile verda på Torget og det er også dei fleste kundane der. Men for berre nokre tiår sidan var det heilt annleis. Dei fleste av kundane var bergensarar og strilar, og torghandlarane var norske. I dag er du heldig om du møter nokre av dei gamle torghandlarane.

Det luktar pommes frites over heile torget og det synest eg ingenting om

Knut Olsen, bergensar NRK møtte på Torget

– Eg har vore her i meir enn 50 år. Det er vel berre meg og ein som heiter Kurt, men han er no på gamleheimen. Så det er berre meg igjen av dei gamle, seier veterantorghandlar Johan Gripsgård.

– Korleis synest du det var her på 60–70 talet?

– Det var mykje betre då enn det er i dag. Då var det er eit anna publikum og som gjorde det mykje kjekkare å stå på torget før, seier Gripsgård.

– Meir sjarmerande før

Også i gamle dagar strøyma turistane til Fisketorget og bergensarane var veldig stolt over plassen. I dag derimot er ikkje kjærleiken til Fisketorget lika sterk som før.

– Det var meir sjarmerande før enn no når dei buene er her. I tillegg så er det nesten ingen som handlar fisk her lengre fordi det er så dyrt, seier Vigdis Olsen.

– Vi bur fem minutt oppe i gata her, men vi handlar ikkje på torget likevel. Det er mykje ferdig og behandla mat og eg synest at det er meir lagt opp til turistane enn lokalbefolkninga, seier Tor Henning Sørensen.

– Det luktar pommes frites av heile torget og det synest eg ingenting om, seier Knut Olsen.

Debatt i kveld

Programmet er ein vidareføring av Oslodebatten, ei serie debattar om byutvikling som NRK Austlandssendinga har arrangert i samarbeid med Norsk design- og arkitektursenter.

I Bergen skal debatten bli sendt frå Litteraturhuset i Bergen i kveld kl. 18:45 og handlar om området rundt Vågen frå Fisketorget til Bryggen.

I kveld sit desse i debattpanelet:

  • Byrådsleiar i Høgre, Ragnhild Stolt-Nielsen
  • Gruppeleiar i Venstre, Julie Andersland
  • Bystyrerepresentant i Arbeidarpartiet, Geir S. Dale
  • Reiselivsdirektør Ole Warberg
  • Leiar i Bergen Arkitektforeining Jørgen Grahl-Madsen

Ta turen innom Litteraturhuset eller følg debatten på nrk.no og Vestlandsrevyen i kveld kl. 18:45 – 20:00. Følg også emneknagg #bergensdebatten på Twitter.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo