Hopp til innhold

Anbefaler ferjefri E39 utan meir bompengar

Den anbefalte traséen over Bjørnefjorden vil redusera reisetida mellom Bergen og Aksdal i Rogaland med ein time og åtte minutt.

Anbefaling om ferjefri E39

Det gule vegalternativet 4C bør veljast, meiner Transporøkonomisk Institutt og Dovre Group. Dette vil i størst grad korta ned reisetida og vera lønsamt.

Foto: Rapport fra TØI/Dovre Group

Ferjefri E39 bør byggast med hengebru over Langenuen, gå vidare på vestsida av Rekstern, og så med flytebru over Bjørnefjorden.

Dette konkluderer Transportøkonomisk institutt (TØI) og Dovre Group med i ein rapport som er utarbeida på oppdrag frå Samferdsledepartementet og Finansdepartementet.

I rapporten blir det trekt fram at den anbefalte traséen over Bjørnefjorden er lønsam med dagens befolkning, og det blir difor anbefalt at eit forprosjekt rakt blir sett i gang. Vidare blir det anbefalt at finansieringa er statleg, og ikkje skjer gjennom bompengeinnkrevjing.

Fylkesordføraren er usikker

Tom-Christer Nilsen

Tom-Christer Nilsen, fylkesordførar i Hordaland, er i dag usikker på kva trasealternativ han føretrekk.

Foto: NRK

Konklusjonen i rapporten viser at det var riktig å venta med å fatta eit endeleg vegvedtak, meiner fylkesordføraren i Hordaland.

– I arbeidet som no er gjort er det for første gang sett på andre samfunnsøkonomiske konsekvensar enn berre sjølve vegbygginga. Det gjer at biletet endrar seg litt, og det blir meir lønsamt å laga den rette linja, seier fylkesordførar Tom Christer Nilsen.

Fylkesordføraren sjølv er usikker på kva traséalternativ han i dag føretrekk.

– Det er heilt klart at fram til no har den indre leien verka som det mest aktuelle alternativet, og med utgreiinga som no kjem så har det kome ei anbefaling på det midtre, seier Nilsen.

Vil berre ha eit alternativ med vidare

– Eg treng litt meir tid for å kunne velja det riktige alternativet. Det som er klart, er at «rett-fram-alternativet» over Bjørnefjorden er blitt meir aktuelt, forklarer han.

Rapporten som måndag blei offentleggjort er kvalitetssikring av konseptvalutgreiinga som allereie er utarbeida. TØI og Dovre Group har undersøkt ulike vegalternativ mellom Bergen og Aksdal.

Medan konseptutvalutgreiinga anbefalte fleire alternativ, meiner dei som står bak denne nye rapporten at berre eit vegalternativ bør undersøkast vidare.

LES OGSÅ:

– Velja trasé neste år

Tom Christer Nilsen meiner politikarane må sjå nærare på den nye rapporten før dei kan fatta ein endeleg konklusjon om vegtrase.

– Det er naturleg at ein i løpet av det neste året må velja kva trasé ein ønskjer, seier Nilsen.

Alternativet over Langenuen og Bjørnefjorden blir anbefalt på grunn av kortare reisetid og betre lønsemd enn den indre traséen gjennom Tysnes, Fusa og Samnanger.

Meir nytte utan bompengar

Magne Rommetveit

Magne Rommtveit er medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Arbeiderpartiet

Alternativet vil vera lønsamt både med og utan bompengefinansiering, men statleg finansiering har over 20 milliardar høgare netto nytte enn bompengefinansiering, konkluderer rapporten.

Magne Rommetveit (Ap) i Transport- og kommunikasjonskomiteen er glad for at både konseptvalutgreiing og kvalitetssikring av E39 mellom Bergen og Aksdal no er på plass.

– Det må til for at vegprosjektet kan komma med i Nasjonaltransportplan (NTP). NTP blir revidert kvart fjerde år, og det skal skje neste år, difor er det bra at dette kom no, seier Rommetveit.

– Ikkje sikkert at midtre trase blir valt

Rommetveit har registrert at det midtre alternativet blir anbefalt i kvalitetssikringsrapporten. Han meiner likevel at det ikkje dermed er sikkert at det er dette alternativet vil bli valt.

– Det som er bra med det midtre alternativet er at det går omtrent beine vegen. Samstundes så er det slik at det indre alternativet vil gjerna det lettare for indre delar av Hordaland å knyta seg på, seier Rommetveit.

Ap-politikaren er glad for at rapporten finn at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å bygga ferjefri E39, noko han meiner gir gode argument for å få Hordfast inn i NTP.