Hopp til innhold

Klagar på vedtaket til Spesialeininga

Spesialeininga for politisaker fann ikkje nokon grunn til å straffe politileiinga i Schaefer-saka. Vedtaket blir no påklaga til Riksadvokaten.

Robin Schaefer

VARSLA: Spesialeininga slo fast i førre veke at politileiinga ikkje kan straffast for brot på arbeidsmiljølova i forbindelse med Robin Schaefer si varsling i Monika-saka. Avgjerda blir no klaga til Riksadvokaten.

Foto: Helge Skodvin / Vigmostad og Bjørke forlag

Førre veke slo Spesialeininga fast at vanskane politietterforskar Robin Schaefer opplevde på jobb etter å ha varsla i Monika-saka, ikkje kvalifiserer til å straffa politiet for brot på arbeidsmiljølova.

NRK får opplyst av Schaefers advokat Toril Wik at dei kjem til å levere ei klage på avgjerda.

Ei nærare forklaring på kvifor dei vel å klaga på vedtaket vil koma over helga.

– Vanskelegare for andre å varsla

Advokat Wik sa følgande til NRK førre veke:

– Schaefer gjer seg tankar om at terskelen for å varsla blir ytterlegare heva som følgje av slike vedtak som Spesialeininga no har gjort.

Ho presiserte at det ikkje var Schaefer som melde saka til Spesialeininga.

Spesialeininga starta etterforskinga av Schaefer si varslingssak, etter at advokatfirmaet Wiersholm i juni 2015 konkluderte med at politiet braut paragrafen om gjengjelding i arbeidsmiljølova, samt at leiinga ikkje sørga for at Schaefers arbeidsmiljø var fullt forsvarleg i etterkant av varslinga.

Spesialeininga frikjenner altså politiet i sitt vedtak. No er det Riksadvokaten som får saka på sitt bord.

Saken er for personer som har vært gitt status som mistenkt under etterforskingen henlagt fordi intet straffbart forhold anses bevist. Det er ikke funnet å være grunnlag for å vurdere foretaksstraff.

Spesialenhetens konklusjon i saken om Hordaland politidistrikts behandling av Robin Schaefer
Advokat Toril Wik

Advokat Toril Wik representerer politietterforskar Robin Schaefer.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tiltalt for drap

Robin Schaefer er politietterforskaren som oppdaga grove feil og manglar ved etterforskinga av dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8) i Sund utanfor Bergen.

Dødsfallet til jenta vart først lagt vekk som sjølvdrap, men saka vart til slutt tatt opp igjen. Tysdag 10. mars 2016 vart den litauiske eks-stefaren (33) tiltalt for forsettleg drap under særs skjerpande omstende.

Statsadvokaten meiner mannen kvelte åtteåringen med eit belte. Rettssaka er fastsett til oppstart i slutten av mai.

Monika Sviglinskaja

DREPEN: Åtte år gamle Monika Sviglinskaja vart funne død 14.november 2011. I mai møter eks-stefaren i retten, tiltalt for forsettleg drap.

Foto: Privat

Åtvarar andre mot å varsla

Tysdag denne veka kom konklusjonen av nok ein rapport frå Wiersholm. Dei har, på oppdrag frå justisdepartementet, sett gjennom sakene til fire varslarar i tidlegare Hordaland politidistrikt:

HMS-rådgjevar Per Terje Engedal, tidlegare seksjonsleiar Rigmor Isehaug og dei to politiadvokatane Liv Giertsen og Line Skjengen.

– Ingen av dei vart utsett for gjengjelding i strid med arbeidsmiljølova, var dommen.

Fleire har reagert på konklusjonen, og leiar i Politiets Fellesforbund i Vest, Kjetil Rekdal, åtvara andre i politiet om å varsla.

– Slik varslarvernet står etter alle rapportane vi har hatt, er det ikkje forsvarleg av meg å anbefala varsling. Belastninga ved å varsla er ekstrem og det er vanskeleg å ta vare på varslarane på ein god måte. Det er rett og slett helsefarleg å varsla, sa Rekdal til NRK.

Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund

Kjetil Rekdal, leiar i Politiets Fellesforbund i Vest.

Foto: Sindre Helgheim / NRK