Hopp til innhold

Monika si mor klagar til Riksadvokaten

Spesialeininga gav politidistriktet 100.000 kroner i bot, men Kristina Sviglinskaja og bistandsadvokaten er ikkje nøgd med grunngjevinga. – Me har ikkje fått dei svara me vil ha, seier Stig Nilsen.

Stig Nilsen

KLAGAR PÅ VEDTAKET: Bistandsadvokat Stig Nilsen har saman med mor til Monika bestemt seg for å klaga på vedtaket til Spesialeininga. Hordaland politidistrikt fekk 100.000 kroner i bot, men Nilsen er ikkje nøgd med grunngjevinga.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Monika si mor, Kristina Sviglinskaja, har saman med bistandsadvokat Stig Nilsen i dag bestemt seg for å klaga vedtaket til Spesialeininga for politisaker inn til Riksadvokaten.

– Årsaka til at me klagar er at det i vedtaket ikkje er svar på dei forholda som er anmeldt frå vår side. Min klient har ikkje fått svar på dei feila som vart gjort i etterforskinga tilbake i 2012, seier Nilsen til NRK tysdag.

Det var i august 2014 at dei anmeldte Hordaland politidistrikt for alvorlege manglar i den opphavlege etterforskinga av åtte år gamle Monika sin død.

Reagerer på grunngjevinga

I førre månad kom svaret. Politidistriktet fekk ein bot på 100.000 kroner for måten dei handterte varslaren i Monika-saka på. Same dag stilte Nilsen seg undrande til grunngjevinga for vedtaket.

– Eg meiner at dersom det berre vert fokusert på den motstanden Robin Schaefer møtte internt som grunnlag for føretaksstraffa, så blir det feil, sa han til NRK same dag.

Det same meiner han i dag.

– Grunnlaget for anmeldelsen vår var i hovudsak tre ting; det vart ikkje gjort etterforskingsskritt som burde vore gjort, dokument vart fjerna frå saka, og politiet i avhøyr fortalde min klient ting dei ikkje hadde dekning for.

Monika Sviglinskaja sin mor klager til Riksadvokaten. Spesialenheten for politisaker gav Hordaland politidistrikt 100.000 kroner i bot, men bistandsadvokaten til moren klager fordi han ikke er fornøyd med begrunnelsen.

Etter tre veker har bistandsadvokat Stig Nilsen bestemt seg for å klage vedtaket til Spesialeininga inn til Riksadvokaten.

Har gått grundig gjennom vedtaket

Spesialeininga har undersøkt kvifor saka opphavleg vart lagt vekk som sjølvmord. Men i strafferettsleg forstand er desse forholda forelda, det betyr at ingen i politiet lenger kan straffast for eventuelle feil som er gjort i denne fasen.

Nilsen stiller spørsmål ved om det er korrekt.

– Vi meiner at ein må sjå etterforskinga som ein heilskap. Eventuelt må ein då sjå på etterforskinga som eit samanhengande forhold, fram til den dag i dag. Då er det faktisk slik at fristen ikkje har starta å løpe-

Han legg til at det å klage på vedtaket har vore ei vanskeleg avgjerd.

– Men ho har ikkje fått svar og ho meiner ho fortener det.

Kristina Sviglinskaja fremja også eit krav om oppreisningserstatning på 200.000 kroner.

– Spesialeininga behandla ikkje dette kravet. Vi ynskjer at Riksadvokaten skal gjera det, og tar det med i klagen som eit krav.