Hopp til innhold

Klagar sjukehuset inn til fylkeslegen etter at sonen døydde i mors mage

Sebastian døydde tre månadar før termin. No ønskjer familien å få vite om dei fekk riktig helsehjelp.

Stine Mari Opedal Berg og Ronnie Moe

DØYDDE: Stine Opedal Berg skulle på ein ultralydkontroll. Beskjeden om at paret hadde mista sin ufødde son, kom som eit sjokk.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

I slutten av juli i fjor fortalde NRK historia om Sebastian som døydde i mors mage.

Familien har no sendt inn klage til fylkesmannen i Hordaland. Dei ønskjer å få vurdert om dei fekk riktig helsehjelp i samband med svangerskapsoppfølginga ved Odda sjukehus.

– Vi sit igjen med ei vond kjensle av at vi ikkje har fått den hjelpa og helsetenesta vi har rett på. Vi håper å få svar på kvifor ting ikkje vart gjort når vi viste uro, seier mor Stine Mari Opedal Berg til NRK.

Vart ikkje utført sparketest

Ho og sambuar Ronnie Andre Horne Moe venta barn nummer to. Det vart konstatert at dei skulle få ein gut og termin vart sett til 24. august 2015.

Vekene gjekk og det vesle barnet vaks. Men våren 2015 vart aktiviteten i magen gradvis mindre og sparka var blitt svakare.

Familien gjekk til kontroll 18. mai og Stine uttrykte uroa over at barnet ikkje sparka som normalt, men ingen sparketest vart utført på Odda sjukehus.

Testen er vanleg undersøking til bruk ved svangerskap. Den registrerer fosterhjerteaktivitet og livmorsamantrekningar.

– Ingenting spesielt vart sjekka i forhold til dei svake sparka i magen. Når eg tenkjer tilbake, så skulle eg ønskje at det vart gjort ein sparketest, seier Stine til NRK.

Vi ønskjer å gå vidare med saka for å hindre at noko slikt kan skje igjen

Stine Mari Opedal Berg
Stine Opedal Berg og Ronnie Moe

KLAGAR TIL FYLKESMANNEN: Familien Berg Moe ønskjer svar på om noko kunne vore gjort annleis.

Foto: Tale Hauso / NRK

Veit ikkje dødsårsaka

I ettertid viste også svangerskapspapira at aukinga i måla på magen var synleg mindre enn aukinga registrert ved førre svangerskapskontroll.

Etter eige ønskje frå familien vart det vist til ultralyd fire dagar seinare. Her tok legen ein ultralydkontroll, men hjartet til guten i magen slo ikkje.

Familien vart sendt til Haugesund sjukehus og Stine fødde guten Sebastian like før midnatt 23. mai. Han døydde tre månadar før termin, og legane kjenner ikkje årsaka.

Sebastian og Ronnie Berg Moe

Her held Ronnie Berg Moe sonen sin i armane etter fødselen i Haugesund.

Foto: Privat

Ønskjer svar

Familien ønskjer no å gå vidare med saka for å få fleire svar, og i håp om at det kan vere med å hindre at noko slikt skjer igjen.

NRK har ved fleire høve vore i kontakt med Helse Fonna, og prøvd å få svar på kvifor det ikkje vart tatt ein sparketest. Helseføretaket er ansvarleg for Odda og Haugesund sjukehus.

«Vi kommenterer ikke innhold i enkeltsaker i media. Vi beklager den opplevelsen pasienten har, og setter pris på at saken er sendt til Fylkeslegen for vurdering», skriv dei i ein e-post til NRK.